Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Bandmiljøet i Flora treng musikkbingen!

Flora Kommune heiv seg rundt og søkte om å få vere ein av dei kommunane i landet som skulle få bevilga ein Musikkbinge. I løpet av 2009 skal det delast ut 100 musikkbingar. I førster runde er 76 delt ut og Flora kommune fått tilslag på ein av dei. Det einaste som manglar for å få realisert denne musikkbingen er ein eigenandel på 120 500 kr som kommunen må dekke .Flora AUF håpar difor at ALLE dei polititiske partia i Florø viser vilje til å finne fram pengar til denne musikkbingen.

Musikkbingen er musikkens svar på ballbinger, og vert levert med tilstrekkelig med ventilasjon, isolasjon, lyddemping, akustikk og lysforhold slik at dei kan brukes året rundt. I Florø er det for tida eit stort og aktivt musikkmiljø. Det er fullbooka øvingstider i bandrommet på Haffen.

Haffen blir idag ikkje berre brukt som øvingslokale for band. Det er også eit ungdomshus, danselokale og diskotek. Det er eit flott alternativ for ungdom, men når alt dette er i same lokale er ikkje det den beste kombinasjonen. Dei som danser kan ikkje danse når det vert spelt musikk på øvingsrommet på grunn av støy, og når det vert dansa til høg musikk, er det vanskelig for dei på bandrommet å fokusere fullt på sin eigen musikk.

Mange har ikkje hatt moglegheita til å byrje å spele, og slit med å finne seg øvingslokale. Det er derfor ei stor glede at Florø kommune har fått tilbod om ein Musikkbinge!

Det er ikkje berre dei unge som har interesse for å spele musikk på fritida. Etter ei lang tid med øvingstilbode på Haffen har mange band vakse seg store og medlemmane har vorte godt vaksne. Det er nok eit stort løft for dei musikarane som ikkje lengre vert sett på som ungdommar at dei kan øve ein annan plass en Haffen.

Denne musikkbingen er med på å dra musikkmiljøet i Florø opp eit hakk. Dette opnar for at fleire band kan begynne å spele, og kanskje ein dag vekse seg like store som Håvard Lothe, som også er vakse opp med musikkmiljøet i Florø. Musikarar og band kjem til å føle at dei vert tatt på alvor, og at dei har eit godt tilbud til å spele musikk i Florø

Ei stor rørsle av unge musikarar som fordriv fritida si med å spele musikk, treng denne musikkbingen som øvingslokale. No har Flora kommune fått alternativet til nytt øvingslikale opp i hendene. Det er derfor viktig at alle parti ser nytta og importansen i denne Musikkbingen og finn fram penger til å finansiere det.

Mathias Stang og Eirik Orheim Pedersen , Flora AUF

Vist 113 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir