| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Bærekraftig og økologisk oppdrett stod i fokus når Vestlandsstanden på Aqua Nor messa i Trondheim opna i dagBærekraftig og økologisk oppdrett stod i fokus når Vestlandsstanden på Aqua Nor messa i Trondheim opna i dag, men smilet kom fram når fylkesordførarane Nils R. Sandal, Torill Selsvoll Nyborg og Olav Bratland serverte politisk fiskesuppe. Statssekretær Vidar Ulriksen opna Vestlandsstanden under Aqua Nordmessa i Trondheim i dag. Under opninga hadde han eit innlegg om bærekraftig havbruksnæringa. Regjeringa arbeider kontinuerleg med å målrette forskrifter for å bekjempe lakselus, hindre rømming og betre transport av fisk mellom merd og slakteri. Dei har nyleg også lagt tilrette for ei betre verdiskaping i næringa ved å tilltate vekst i anlegga på 5% utover dagens volum (biomasse). Ulriksen la dessutan vekt på samarbeid med næring for å finne fram til dei beste bærekraftige prinsipp. Teknologidirektøren i Marin Harvest, Cato Lyngøy, sa det så enkelt “Bærkreaftig sameksistens med villaks er vinnarformel for næringa”. Sporing og dokumentasjon av råstoff som vert nytta til fôr var eit av tilhøva Per Gunnar Kvenset frå Villa Miljølaks drøfta når han presenterte økologiske metodar for lakseoppdrett. Dette vil sikre forbrukarane laks som er produsert av bærekraftig fiske og forvalta bestandar. Høg steming vart det når fylkesordførarane i tre vestlandsfylke laga og serverte politisk fiskesuppe. Dei fekk også god hjelp av Vidar Ulriksen. På Vestlandet sin stand markerte Florø bedrifter seg sterkt, og utgjorde den største enkeltgruppe. Her er verdikjeda godt representert med Havlandet Forskningslabratorium, Slakteriet, Florø Mekaniske Verksted, Havsterk, Havdyrkerne, Bravo Seafood, A til Å, Norwell og Sunnfjord2020. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest er også tilstades med mange deltakarar.
Vist 187 gonger. Følgt av 1 person. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||