| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
God distriktspolitikk gjev resultatFolketalet i Sogn og Fjordane har i første halvår 2009 hatt ei gledeleg auke med 337 personar. Det forsterkar ei utvikling vi har sett dei siste åra. Medan vi i åra 2003 – 2006 hadde ein reduksjon av folktalet på over tusen personar i fylket, har vi etter 2006 fått ei auke på sekshundre personar. Dette er viktig for eit fylket med berre litt over hundre tusen innbyggjarar. Tala syner at ei satsing på å ta heile landet i bruk, uavhengig av gode eller dårlege tider, gjev arbeidsplassar og framtidstru i eit fylke som Sogn og Fjordane. Dette syner og at det motsette skjer dersom dei som styrer ikkje har ei bevisst haldning til dette. Det er såleis ikkje likegyldig kven som sit i regjeringskontora. Det må vere parti som er opptekne av å ta heile landet i bruk. Det gjev vekst og livskraft i grender og bygdebyar, og det reduserer pressutfordringane i storbyane. Dette er Senterpartiet sitt viktigaste varemerke, og det blir følgt opp når vi sit i regjering. Dette er utviklinga i fylket: 2003 -28, 2004 -213, 2005 -382, 2006 -456, 2007 +65, 2008 +198, 1. halvår 2009 +327 personar. (Kilde SSB)
Vist 214 gonger. Følgt av 1 person. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||