| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Betre for gründararInnlegg av Fornyingsminister og 1. kandidat for SV, Heidi Grande Røys. For ganske nøyaktig fire år sidan sat eg på eit valmøte i Bremanger og lova auka satsing på gründarar. Ole Stenbakk meinar i avisinnlegg som eigentleg er stila til Ingrid Heggø (!) at vi ikkje har gjort det eg lova. No klarer Ingrid å svare for seg sjølv, men eg vil gjerne kommentere Stenbakk sine påstandar som gjeld meg. Eg er enno utolmodig for gründarar, og ynskjer å stå på vidare, men eg meiner Ole Stenbakk tar feil, og at vi har gjort det som vart lova: - Vi har styrka Innovasjon Noreg monaleg. Innovasjon Noreg gir støtte til gründerverksemder, mellom anna ordninga med det viktige etablerarstipendet for dei som ynskjer å starte for seg sjølv. - Regjeringa gir sjølvstendig næringsdrivande rett til foreldrepengar med 100 prosent av inntektsgrunnlaget frå 1. juli 2008. Det vil sei at folk som har starta si eiga verksemd, ikkje misser inntekter i ein periode kor dei ynskjer å vere heime med barnet. - Vi har gjennomført ei historisk satsing på breiband. Den har komme både privatpersonar og små verksemder til nytte, særleg dei som er lokalisert i distrikta. I tillegg har vi òg betra rammevilkåra for mange gründarar og små verksemder ved at gründarar med små formuar no slepp å betale formuesskatt. No kan ein ha skattbar formue på opp til 470.000 kroner før ein treng å betale formuesskatt. Vi har òg redusert byråkratiet for ei rekke gründarar og små verksemder gjennom at fleire no fyller ut skjema på nett. Slik skal ein sleppe dobbeltrapportering, dvs. å fylle ut same informasjon til det offentlege to gongar. Framover ynskjer SV å halde fram med å stå på for gründarar. Det er tre ting som er viktig for oss i ei eventuell Soria Moria II: For å gjere det enklare å starte verksemd må det offentlege kunne tilby god rådgiving. SV meinar verksemder med berre éin tilsett i ei oppstartsfase bør kunne verte tilbydd å få rekneskap og revisjon utført via ein offentleg etat til sjølvkost. SV vil vere garantisten for ein god velferdsstat, med gode sosiale ordningar, låg arbeidsløyse og støtte til næringsutvikling, som gjer at fleire tør å satse på det ein trur på. I tillegg vil vi ha betre avskrivingsreglar for å gjere det lettare for næringslivet å modernisere produksjonen sin.
Vist 190 gonger. Følgt av 1 person. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||