| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Oppmoding om støtte til Kystvegen og 45-minuttsregionen21.-22. august var medlemer frå Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti samla til Kalvågsamling. Hovudtema var 45-minuttsregionen og aktuelle samarbeidsområde. Ein vedtok å sende ein uttale til fylkestingsgruppa i Sogn og Fjordane Arbeidarparti med oppmoding om støtte til Kystvegen: Til Sogn og Fjordane Arbeidarparti Oppmoding om støtte til Kystvegen og 45-minuttsregionen Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti set pris på engasjementet Sogn og Fjordane Arbeidarparti har vist for Kystvegen. Men vi ber om endå meir konkretisering og tydelegheit frå fylkestingsgruppa til Sogn og Fjordane Arbeidarparti når det gjeld støtte til realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen. Lokallaga ser med uro på aukande arbeidsløyse og fråflytting langs kysten av Sogn og Fjordane. For å snu denne negative utviklinga er gode kommunikasjonar ein viktig nøkkel. Vi viser til prosjekt kysten som vart initiert av fylkesutvalet på starten av nittitalet. I forarbeidet til høyringsdokument frå juni 1991 vart det gjort framskrivingsprognosar frå 1990 til 2015. Faktiske tal i dag viser at vi har ei sterkare og meir negativ utvikling enn det her vart føresett, vi er faktisk 5-6 år tidligare ute i høve negativ folketalsutvikling. Ved ei realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen vil ein få utvikla ein utvida bu- og arbeidsmarknadsregion i området samt skape betre mobilitet i næringslivet og legge til rette for utvikling av uforløyste næringspotensial. Det er positivt at stortingspolitikarar engasjerer seg for Kystvegen, men det er ikkje store ord frå dei som er avgjerande for om vegen vert bygd eller ikkje. Det som er relevant er kva fylkespolitikarane i dei enkelte partia meiner, sidan det er dei som skal prioritere løyvingane frå fylket i handlingsprogrammet for fylkesvegnettet. Arbeidarpartiet har eit slagord no ved valet som seier at ”alle skal med”, vi som bur på kysten ynskjer òg å vere med og få dei same moglegheitene som andre kystregionar i Noreg. Vi ber derfor om følgjande:
Kalvåg 22.08.09 Med helsing Flora Arbeidarparti v/ leiar Jan Helge Dale
Vist 488 gonger. Følgt av 1 person. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||