Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Den raudgrønne regjeringa er elevane sin beste venn!

Eg er stolt over kva regjeringa har gjort i skulepolitikken. Vi har styrka kommunane med over 30 milliarder, noko som har ført til over 4000 nye ansatte i skulen. Vi har innført gratis læremidler, og frå skulestart i år har elle elevar i den vidaregåande skulen gratis skulebøker. Vi har styrka lærarutdanninga og brukt rekordstore beløp på etterutdanning for lærarar. Aldri har skulebygg vore prioritert høgare, eksempelvis Flora VGS som er vedtatt opprusta for 100 millionar. Aldri har det vore like stort fokus på betre rådgivningstjeneste. Resultata på internasjonale testar vert stadig betre – vi er ikkje best endå, men pilene peikar oppover. No vil vi meir, difor treng vi ingen pause, men fortsatt raudgrønt fleirtall etter valet den 14 september!

Mathias Stang, Leiar Flora AUF

Vist 401 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Når dei raud-grøne har klart alt dette og det ikkje viser noko framgang i læring,må det vel vera ein viss over modning får eit skifte.

Exclamation_desat_24

Ikkje viser framgang i læring? Les du ikkje kva som står der? Eg håpar ikkje du trur på det våset om at 1 av 5 kjem ut av skulen utan å kunne lese eller skrive. For det er isåfall feil. Korleis kan du sei at det ikkje viser framgang til læring? Berre sjå på internasjonale testar, og snakk med lærarar!

Exclamation_desat_24

Ja,ja kven som har rett og ikkje -er ikkje lett å få tak i med dette kappløpet og propaganda kjøret vi ser i disse valg tider.
Det eg leser er skrive av elever sjølve.Så her kommer det atter ein gong an på augo som ser.

Exclamation_desat_24

Yaaaaaaaaaaaaawnnnnnn….

Exclamation_desat_24

Propaganda kjøret? Dette er jo fakta. Det vil sjølvsagt alltid vere nokre elevar som ikkje er nøgde med skulen dei går på, men sanninga er at vi er no på internasjonalt nivå. Norske elevar er dei med best sammarbeid og samhald, og kunnskapen blir faktsik betre og betre. Pilene peiker jo rett opp over på internasjonale testar, og kunnskapsnivået er vorte svert forsterka berre dei siste 4 åra. Meiner du DET kan tolkast forskjellig ut ifrå kva auge som ser?

Exclamation_desat_24

Kva spørsmål vart stilt i disse testane?.Slike målingar du henviser til her har lite truverde,så lenge det ikkje er heilskapen i skulen som blir testa.Det er mange som ikkje kjenner seg at i disse testane.Så det er ingen grunn til å heisa fana av den grunn.Når det gjelder augo som ser ,er det god grunn til å hevde at ein ikkje skal tru alt ein leser.

Exclamation_desat_24

Kva er dette? Ein konstant pessimisme? Lite truverdigheit? Desse testane har vorte brukt over lang tid, og har vorte endra i takt med samtida. Desse testane er på lik linje med dei som var då høgre og co sat i regjering, det viser jo at kunnskapsnivået er kome opp. Det er jo faktisk heilskapen i skulen som vert testa. Eg sjølv går på skule og veit kva klassekameratane mine meiner. Dei meiner skulen faktisk er utruleg god. Og no når vi rustar opp skular, satsar på høgare lærerutdanning så kjem Norske skular til å verte endå beitre igjen
.
Når det var 1000 vis av elevar og lærarar som sprang rundt i gatene då høgre sat i regjering og klagde på dårlege skular, og at dei ikkje var fornøgde med korleis det var, viser jo det litt om korleis det var, og korleis det ikkje er no med Raudgrøn regjering. Vi vil heller at Lærarar og elevar skal vere på skulen, istaden for å springe rundt å demonstrere!

Exclamation_desat_24

Exclamation_desat_24

Dette blide seier meir en 10 vise kan svara.Tage har sett punktum:)

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir