| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Fisket godt i gang i NkhotakotaEtter å ha kjempa oss til 7,5 millionar kwatcha i lån, forsert valutareserve-tørke, bestilt og installert motorar frå england er det endelig godt å kjenne fiskelukta ved sjøkanten i Nkhotakota. Det har ikkje vore berre enkelt å komme dit vi er i dag. For tida er 24 tilsette direkte involvert i å få tråla opp fisk, holde orden på økonomi, salg og vakthald. Arbeidet med å få i gang fiskeselskapet vart initiert av Atle Havn i 2007 som var første fredskorpsaren som jobba med bedriftsutvikling i Nkhotakota-Flora samarbeidet. Etter Atle drog tilbake har gutta bak Linga Commercial Fishermen and Boatbuilders logge på veret på grunn av (mangel på) finansiering. Men etter underteikna kom inn som rådgjevar på økonomi og forretningsplanlegging har vi snigla oss til denne milepælen. Trinn 1 var å få “go” på finansieringa, noko som gjekk i boks i mars. Deretter var utfordringa å få motorar og fiskeutstyr til landet – spesielt sidan det er stor mangel på utanlandsk valuta i Malawi. Berre å få godkjent og gjennomført transaksjonen tok bortimot tre månader. Når motorane endeleg kom i starten av august har vi jobba hardt på for å få dei installert, dessutan båtane godkjent av to ulike departement. For ti dagar sidan starta fisket og har gitt mellom 250 og 1000 kg per dag – noko som er i ein heilt anna skala enn alt anna fiske i Nkhotakota District. Det ser framleis ut som vi må jobbe litt med marknadsføringa. I går var det omlag 200 menneske når fisken kom til land på ettermiddagen som var ute etter fisk. Det er vell og bra (og rimelig villt og uorganisert), men vi føretrekk færre kundar som kjøper større kvantum. Underteikna jobbar som Monitoring and Evaluation Officer i Nkhotakota, men er også skap-entreprenør og rådgjevar for nyoppstarta Linga Commercial Fishermen and Boatbuilders.
Vist 301 gonger. Følgt av 3 personar. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Kjempebra! Utruleg kjekt å høyre :o)
Gler meg veldig til å oppleve det på nært hald, forhåpentlegvis til våren.
(Veit ikkje heilt når eg set kursen nedover)
Bwino! Ndasangalala kwambiri:)