”Kjører du to km til butikken for å kjøpe torsk, slipper du ut mer CO2 enn torsken gjorde tur-retur Kina.” (Mekonnen Germiso – forskningskoordinator i ”Fremtiden i våre Hender” )
Eg kan ikkje gå god for reknestykket, men uansett er det to viktige poeng i denne utsegna:
1. Sjøtransport med store lasteskip er ein særdeles energieffektiv transportmetode.
2. Handleturar er ei større miljøbelastning enn dei fleste er klar over. Kortreist mat er bra, men kort handletur er viktigare!
Kvar einaste laurdag går det landet rundt ein straum av bilande familiar på veg til dei store butikksentra. Transportøkonomisk Institutt reknar med at handleturar representerer 25% av all kjøring med privatbil i Norge. Etablering av store kjøpesentra føreset at ein samlar kundar frå store omland. Denne butikkstrukturen representerer ei formidabel kjelde til utslepp, vegslitasje og ulukker, i tillegg til sentralisering av arbeidsplassar, inntekt og aktivitet. Dette er køyring som kan reduserast vesentleg utan negative verknader verken for samfunn eller enkeltpersonar. Det trengst ikkje politiske vedtak for å endre denne praksisen. Det er opp til deg og meg. Vi, – kundane, representerer marknadsmakt som vi kan bruke til å styrke lokalsamfunn, skape arbeidsplassar, legge grunnlag for nye verksemder og skape levande bygder og byar.
Det er mykje å tene og lite å tape på å redusere denne valfarten til store butikksentra.
• Redusert kjøring og mindre utslepp.
• Mindre slitasje på bil og veg,- sparte utgifter for samfunn og privatpersonar.
• Mindre trafikk, færre ulukker, færre skadde og mindre utgifter for samfunnet.
• Meir omsetning lokalt gir betre butikkar, betre vareutval og betre tilbod.
• Fleire og betre arbeidsplassar i lokal handelsnæring
• Levande sentra i alle kommunar.
Kven sitt ansvar?
Eg høyrer motargumenta: ”Det er lokale butikkar sitt ansvar å halde konkurransedyktige prisar og vareutval så vil kundane bruke dei. Det er ikkje kundane sitt ansvar at lokal handelsnæring skal overleve”.
Det kan diskuterast. Butikkeigar har ansvar for å drive butikk, overleve som verksemd og skaffe inntekt til seg og tilsette, men han har ikkje ansvar for å gjere det her. Dersom kundane på død og liv skal til handelssentra, er det enklaste alternativ også for butikken å flytte. Då har butikkeigaren løyst sitt problem. Lokalsamfunnet er taparen, ikkje butikk eigaren. Det kokar faktisk ned til den enkle samanhengen: Vil vi ha eit levande sentrum, eit levande lokalsam-funn, arbeidsplassar og vareutval lokalt, må vi bruke det! Ingen har moralsk plikt til å støtte lokale butikkar. Vi må berre vite at våre val har konsekvensar. Dersom vi skal handle der ”alle” handlar, blir konsekvensen nedlegging av lokale butikkar, tapte arbeidsplassar, eit daudt sentrum og tome butikklokale. Butikkeigaren har det bra for han har flytta butikken dit handelen er. Dette er heller ikkje eit Førde – Florø problem. Tilsvarande konsentrasjon av handelsnæringa skjer over heile landet, til glede for dei som eig kjøpesentra og til skade for lokalsamfunn. I langt større grad enn folk flest tenkjer over, representerer også denne valfarten til kjøpesentra ei miljøbelastning som det er viktig å redusere!