| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Høgre-konferanse etter valet med Erna Solberg på Hotel Alexandra til helga
Høgre har haustkonferanse i Loen i helga. Partileiar Erna Solberg samt stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker/Hordaland og Bjørn Lødemel er blant innleiarane. Omreisande fylkespartisekretær Ingvar Torsvik Myrvollen skal gå gjennom valkampen steg for steg. Fylkespartiet skal på konferansen evaluere valkampen/valet – der partiet gjekk fram i alle 26 kommunane og kom attende på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Leiar av evalueringsutvalet er Arne Lesto frå Jølster. Eit anna viktig tema på saklista er vegen vidare fram mot kommune- og fylkestingsvalet i september 2011. Det blir og innleiingar ved Jacob Nødseth frå Unge Høgre samt Inger Hoff/Olin Johanne Henden om kvinner i politikken. Partiet er i dag representert i alle kommunestyra i fylket, har ordførarar i Balestrand samt Hornindal – og har m.a. to hovudutvalsleiarar i fylkespolitikken. Det er påmeldt vel 60 deltakarar frå heile fylket.
Her bilde frå valkvelden med 1. vararepresentant til Stortinget Jacob Nødseth, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og omreisande fylkespartisekretær Ingvar Torsvik Myrvollen FOR KOMMENTARAR/MEIR INFORMASJON:
Vist 151 gonger. Følgt av 1 person. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||