Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

SMS - parkering - økonomi

Såg at Dale hadde snakka med Firdaposten ifm. NAV-plasseringa.
Eg skal ikkje meine så mykje om denne plasseringa, det er eit vanskelig valg og eg ser fordelar med plassering både i bankhola og ved SMS.

Men det eg stussa på var det han sa om at eigarane av SMS, med tilhøyrande parkeringsplass, ikkje tener “så mykje” på SMS! No kan det være at “ikkje så mykje” kan være noko heilt anna i lege-kretsar enn det eg legg i uttrykket, men likevel; dette er ikkje bra!

Det er altså her snakk om eit bygg som, så vidt eg veit, har leigt ut 100 prosent av arealet til solide og betalingssterke leigetakarar i ei tid med rekordlåg lånerente. Klarar dei ikkje å få god økonomi i dette no, så klarar dei det aldri… Er det ingen som kan hjelpe dei litt med å få lønsemd i dette?

Det same gjeld parkeringsplassen, dei har ikkje tent “fem øre”! Det er altså snakk om ein parkeringsplass som stort sett er stappfull dagen lang, med betaling frå første sekund. Og der folk stort sett ser seg nøydde til å hive på ein god slant ekstra for å være sikker, det er som kjent ikkje lett å vite kor lenge eit besøk på SMS kan vare…
Nei, dette er heller ikkje bra, kven kan hjelpe dei med økonomien her?

Eg tenker også på dei andre, dei som har fått til gratis time-parkering og sikkert har hatt sine utgifter, dei tener i alle fall ikkje “fem øre”, dei må vel sitte igjen med enorme minustal i reknskapen?

Dette er heller ikkje bra, korleis skal dette ende…?

Vist 688 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Vitsen med parkeringsavgift er vel at det skal være sirkulering i parkerte biler ved bygget. At det kunne vært gjort sånn at første timen var gratis er jo greit nok, men helt ærlig: Det koster kun 10 kr å stå der i 1 time. 10 – 20 kr er nå ikke all verden heller da! Tror vi kaster vekk sånne summer på annet, uten å tenke på det en gang! Men så snart det er snakk om parkeringsavgift, er det enorme summer… Synes det blir for dumt.
Legene vet vel best, i denne saken, om hvor det er mest praktisk å legge et nytt NAV senter. Tror i allefall de vet det bedre enn politikerene her i by´n. Soml ikke for lenge, – det blir det bare rot av.

Exclamation_desat_24

Til Helge Vartdal:
SMS bygninga er ikkje leigd ut til solide betalarar som du skriv. Bygget er sameigd av dei som held til der, med andre Flora Kommune. Dette vert å betale huslån i staden for husleige. Det vart fyrst forsøkt å leige areal i Sjukehusbygget, men her var det fullt. (No er der dessverre ei ledig etasje)

Når det gjeld parkeringa: eg trur ikkje at gratis 1. time var påtenkt då ansvaret vart sett ut til eit parkeringsbyrå. Det er usikkert om byrået ville ha teke på seg ansvaret, då dei lever av desse pengane. (Ikkje legane som du skriv). Forresten som eit apropos til beløpet kostar det 70 kroner timen å parkere hjå Haukeland Sjukehus.
SMS ønskjer å delta i fellesparkeringsordinga i sentrum. Her fins einskilde kjøpmenn som ikkje ser seg tent med å delta..

Ikkje flytt NAV, og med det undergrave fagmiljøet på SMS. Revitaliser sentrum ved at folk vert flinkare å handle der.

Exclamation_desat_24

Utruligt,hvordan revitalisere sentrum når du vil bygge på sms tomta?
No kjenner eg denne sokalla bankhola svert godt ifra mine gutte dagar og no endeligt ser det ut til att denne “skamensplett” midt i byen skulle bli til noke fint som byens befolkning kunne vere stolte av,men nei det ser ut til att det er pengemakta som igjenn riv og slit.

Til dei som har rette myndighet skjer igjennon fort dette har ikke byen godt av lenger,stopp..

Exclamation_desat_24

Hei, beklagar sein respons, har vore vekke på ferie ei vekes tid.

Utgangspunktet var å tøyse litt med stykket i Firdaposten som starta med “Kva gale har vi gjort?” og heldt omtrent fram med “ikkje tener vi pengar på huset og ikkje tener vi pengar på parkeringa”.

På meg virka det som ei slags “stakkarsleggjering”, noko som eg meiner det absolutt ikkje er grunn til. For er det ein eigedom i Florø som burde “gå så det grine” så er det nettopp SMS med tilhøyrande parkeringsplass. Og gjer det ikkje det så må ein eller annan ha tabba seg ut på eitt eller anna tidspunkt. Men kanskje var det eit forsøk på å få litt medynk i NAV-lokaliseringsdebatten? Ikkje veit eg.

Europark ser i alle fall ut til å ha sikra seg ein god avtale her, for slik det ser ut på det eg les så er det visst berre dei som tener pengar på dette komplekset, og dei er vel ikkje ein gong medeigarar?. Og utsiktene til inntektsauke er store, for er Haukeland-prisen på 70kr timen, som Cassels refererer til, korrekt, så går det nok i den retning i vesle Florø også med tid og stunder.

Elles så vil eg seie til Ronny Cassels: eg har alltid tenkt slik at det å betale ned på eit huslån er jamngodt med å sette pengar i banken, på høgrentekonto! Så visst det er det SMS-eigarane gjer (noko som eg også trur er rett), så tener dei absolutt gode pengar, det berre viser litt mindre igjen i lommeboka akkurat no ;-)

Exclamation_desat_24

Nå vet jeg hvorfor jeg aldri er blitt, kan bli eller vil bli millionær : Jeg er ikke gjerrig nok, – men det kan jeg leve med heldigvis =)

Exclamation_desat_24

Hei Gunn,var dette ein godkjenning til (bankhola),eller?

Exclamation_desat_24

Nopp! Bare lei av små-penge-diskusjonen om parkeringsautomater, – hva legene tjener på dette osv.. Tror ikke de blir så rik på dette akkurat!

Exclamation_desat_24

Synd! bykjerna ville blitt finare av eit fint bygg i bankhola,og byen hadde fått eit “rikare syn” utaifrå gata.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir