Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Visit FjordKysten AS tek eit steg vidare

Jente med prestekrage

For å styrkje reiselivssatsinga på fjordkysten av Sogn og Fjordane, er det planlagt etablert eit selskap som skal koordinere aktivitetar og drive overbyggjande marknadsføring for dei mange små og store aktørane i regionen. Bak oppretting av selskapet står Sunnfjord2020, Stiftinga Jensbua og Bremanger Hamn og Næring KF. Fleire kommunar og bedrifter har vedteke å teikne aksjar slik at vi no har eit stort håp om å skaffe tilstrekkeleg aksjekapital. Derfor lyser vi ut stillingane som dagleg leiar og marknads- og webansvarleg.

Fjordkysten er eit omgrep som stadig oftare vert nytta om kyststrekninga i Sogn og Fjordane mellom Gulen i sør og Selje i nord. Som innfallsport til dei verdskjende fjordane, representerer fjordkysten ein særeigen og eksotisk destinasjon som interesserer stadig fleire turistar. No ønskjer det lokale reiselivet å ta ut ein større del av potensialet som ligg i denne turistdestinasjonen. – Det viser seg at vi har eit stort potensial i å
vise oss fram som eit samla tilbod. Kvar einskilt aktør i regionen kan få tilgang til ein større marknad ved å verte marknadsført som ein del av ein større heilskap.

Visit FjordKysten blir eit selskap som skal ta seg av marknadsføring og profilering av dei sju kystkommunane Gulen, Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Flora og Bremanger. Visit FjordKysten skal ha som oppgåve å koordinerer store delar av reiselivssatsingane på kysten. Sunnfjord 2020, Stiftinga Jensbua og Bremanger Hamn og Næring KF skal ha lokalt ansvar for turistinformasjon, prosjekt og lokal reisemålsutvikling. Saman med
dei lokale selskapa er målet å marknadsføre heile breidda av opplevingar og overnattingsmoglegheiter langs FjordKysten av Sogn og Fjordane.

Sjå annonse og prospekt på www.sunnfjord2020.no

Vist 179 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir