| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Kinatur i påska 2010. Rundreise i natur og kulturDei som enno ikkje har fått oppleve det eksotiske og vidstrakte Kina, bør sette av tolv dagar i påska neste år. Då dreg Fred-Arild Grøneng på sin tredje tur som reiseleiar for Hagelaget til Kina igjen. Turen vert ein rundtur med temaet: ”Rundreise i natur og kultur” og er såleis ingen smal hagetur. Den vert ein kombinasjon av dei førre turane og har start og avslutning i Beijing. Ein nattleg togtur tek ein til Suzhou, Kinas svar på Venezia, og deretter går turen til Shanghai. Så flyg ein sørvestover mot Yunnanprovinsen til Lijiang med majestiske landskap og eit konglomerat av Kinas mange minoritetsfolk. Frå fjellandskapet går så turen sørover til Guilin, og etter ei natt der, cruisar ein nedover Lielva som slyngar seg mellom sukkertoppåsar av kalkstein i eit dampande eksotisk sletteland. Perla i dette området er Yangshuo, der ein stoppar ein dag før turen går attende til Beijing med avslutning i Den Forbodne Byen. Og før ein stig på flyet heim, kan all handel gjerast unna på den vidgjetne Silkemarknaden. HER finn du heile programmet, pris og bilde fra stadane turen går til. Kontakt Fred-Arild Grøneng 99166451 eller hageflor@online.no for meir informasjon Vi har tre plassar att, men må ha PÅMELDING SÅ SNART RÅD ER ETTER NYTTÅR! Dette skriv turoperatøren %{color:red}*mitt*%KINA: - Bli med på ei spennande vandring frå vårlege fargar på Den Store Muren til Kunming «Byen med evig vår», og frå skyskraparar i verdsbyen Shanghai til den vesle idyllen Lijiang mellom majestetiske fjell. Opplev keiserleg arkitektur og storslegen natur, fantastiske kulturopplevingar og eksotiske kulinariske oppdagingar.
Vist 1238 gonger. Følgt av 3 personar. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
En fantastisk reise til et spennende land.
Kan anbefales på det beste.
Jeg var med på denne utrolig flotte opplevelsesturen nå i påska 2009