Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Styrka kommunal velferd er umogleg utan grunnplansopprør

Raudt meiner at kommunane får 25-20 milliardar kroner for lite i statsbudsjettet for 2010. Vi meiner dette av fleire grunnar. Det er mange uløyste oppgåver i kommunane og det finst oppgåver som blir løyst for dårleg. Det er mange stader ei konstant underbemanning og mange kommunalt tilsette blir løna for dårleg (det skulle m.a. vore likeløn mellom kvinner og menn).

Raudt sitt krav stemmer truleg godt med summen av ønskje og krav som kommunalt tilsette og kommunane sine innbyggjarane har. Derfor trengst det grunnplansopprør. Initiativet frå Moss bystyre må støttast og brukast til mobilisering utanfor sentrale deler av rådhusa.

Og kanskje er ordførarar og rådmenn etter kvart meir einige med Raudt: ”Lite jubel i kommunane” er Fjordenes Tidende 16. okt. si oppsummering av kva ordførarane i avisa sitt nedslagsfelt meiner om statsbudsjettet. ”Ventar like tøff budsjettprosess” er avisa Ytre Sogn si oppsummering av kva rådmann Arvid Lillehauge i Høyanger kommune hevdar. Dette lovar ikkje godt for oss som skal vedta budsjett for 2010.

På den andre sida står Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), fagorganisasjonen for norske kapitalistar, og meiner at statsbudsjettet brukar 5-10 milliardar for mykje. I bokstavleg tala same klasse står DnB og vil ha nye 5 milliardar av staten.

I Soria Moria 1 skulle kommuneøkonomien styrkast for at ”tilbudet i skolen og eldreomsorgen” kunne ”bedres.”. Kommunane hadde i 2008 likevel eit underskot på 24,7 milliardar. I Soria Moria 2 er det ”tilbudet innenfor barnevern, skole, pleie og omsorg” som skal ”bedres” – dvs. endå fleire gode formål.

Kva må gjerast for at kommunane skal kunne styrke barnevernet, redusere elevtalet pr. pedagog, auke grunnbemanninga i eldreomsorga og styrke det psykiske helsevernet? Vi må få ein folkeaksjon for styrking av kommuneøkonomien slik vi har folkeaksjon for sikring av lokalsjukehusa.
Rådmenn, ordførarar, kommunalt tilsette og vi andre som står nær dette må få konsekvensane av statsbudsjettet ut til fagforeiningane og lokalsamfunna.

Det trengst eit grunnplansopprør som kan minne dei raudgrøne på løfta dei gav ved stortingsvalet for ein god månad sidan – løfta som fleirtalet stemte på og ville ha gjennomført. Moss bystyre oppmodar alle kommunane i landet til å støtte krava frå Kommunenes Sentralforbund om ein forpliktande opptrappingsplan for kommuneøkonomien. Vågan kommunestyre i Nordland har vedteke ei liknande fråsegn.

Begge deler er svært bra og det avgjerande blir m.a. om også fagrørsla rundt om i landet gjer dette til si sak. Med fagrørsla meiner vi fagforeiningane i både offentleg sektor og i bedriftene. Stilt overfor ein slik folkeaksjon må nok både kommunalminister Navarsete, finansminister Johnsen og statsminister Stoltenberg ut med meir pengar til kommunane. Noko anna ville vere for avslørande så kort tid etter valet.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Vist 140 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir