Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

NRK Sogn og Fjordane vel sentrum venstre til sitt panel

”Fredagspanelet” er personar redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane meiner er interessante for å kommentere aktuelle hendingar og oppsummere veka som er gått. Det er eit spanande tiltak og har ved fleire høve fungert godt – i ein stort sett bra distriktskanal som m.a. hadde valsendingar med høg kvalitet i fjor haust.

Men rekrutteringa til ”Fredagspanelet” har utvikla seg skeivt. I byrjinga nytta ein journalistar frå andre medium rundt i fylket samt samfunnsdebattantar som slår i fleire retningar som den frittalande Ap-mannen Georg Arnestad osb. Men dei siste vekene har det vore ”klyppekort” for Kristine Timberlid (SV-politikar), Brigt Samdal (Ap-politikar), så kom Henning Rivedal (radikal informasjonssjef); før det andre tidlegare eller noverande SV-politikarar – og/el. ektefelle. Ein burde kanskje for moro skuld ha ført arkiv på dette, men det finst viktigare ting å halde på med.

NRK er ei statleg verksemd som alle med TV i Norge betaler utgiftene til – anten me vil eller ei. Difor har det vore eit prinsipp at NRK skal prøve å vere nokolunde politisk nøytrale. Me får til ein viss grad leve med at dette ikkje har vist seg så lett å leve opp til i praksis, jamfør t.d. at Gro Holm då ho var nyhendedirektør i NRK sa frå offentleg at ho håpte på raudgrøn valsiger for nokre år sidan, berre for å nemne ein ting. Dei fleste NRK-toppsjefane har jo vore retrettstillingar for nyleg ”avgåtte” Ap-politikarar og.

Men eg vil oppmode NRK Sogn og Fjordane om å ikkje gå i forsvarsposisjon med ein gong, men få auga opp for at 38 % av dei som røysta ved Stortingsvalet i 2009 i Sogn og Fjordane røysta mot at Det Kongelege Norske Arbeidarparti, Sosialistisk Venstreparti og det ny-radikale Senterpartiet skulle få halde fram med si regjering. I landet elles var prosenttalet som røysta slik høgare. Det finst blå lokalpolitikarar i ALLE 26 kommunestyra i fylket. Dersom ein ser seg litt vidare rundt, kanskje ein finn einkvan – innimellom dei ein er van med å bruke – som ikkje er på venstresida … Eg ønskjer lisensfinansierte NRK lykke til!

Beste helsing
Ingvar Torsvik Myrvollen
Lisensbetalar frå Eikefjord

Vist 1047 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir