| Du må logge inn for å sjå denne sida | ||
Silda er komen!Silda er komen! Dette ropet har skapt spenning og verdiar opp gjennom vår historie, og heilt fram til vår tid. Verdens største marine biomasse har nok ein gang lagt ut på si vandring og skaper håp og merksemd langs kysten vår, slik har det vært i hundrevis av år. Rett handsama er dette ein delikatesse som mykje anna sjømat vi som kystfolk burde ha rikeleg tilgang til ved vår langstrakte kyst. Under ser ein Arne Sunde (77) i Rognaldsvåg “prikkevere” silda til lørdagens festmåltid. Ein kan berre undras, når ein ser fangstvolumet som vert landa i desse dager, og veit at fabrikkane stabler 20 kg kolli ferdig pakka sild for eksport, kvifor er ikkje denne næringsrike festmaten tilgjengelig i td. kiloeiningar i butikkane sin frysedisk? Når no fiskarane, nærsagt “gjev vekk” silda for under 2 kr/kg, burde vel folk kunne kjøpe sild ferdig flekkt til under 30 kr/kg fra fryseren på “krambua”? Kvifor er det lettere å få tak i norsk fersk fisk “på marknaden i Spania” enn på “Torget” i Florø? Kven (eller kva?) er “proppa” i “systemet”? Og kva gjer vi med den? Eller må alle vi andre gjere som Arne Sunde (ordne det heile sjølve)?
Vist 1192 gonger. Følgt av 1 person. Kystpuls
Følgt av 1997 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||