Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

17.Mai, er vi så glad i...?

No nærmer det seg 17.mai. En dag som i allefall de minste i byen vår gleder seg veldig til. Dagen då dei skal gå i tog, leike på skuleplassen og spise så mange is dei berre klarer.
I den anledning vil eg komme med eit ganske så stort hjertesukk.
Dei siste ti åra har vi pyntet våre barn, strykt våre flagg og blåst opp massevis av ballonger og stillt opp på skuleplassen og sunget av full hals “Ja, vi elsker”. Stor har gleden vært når toget beveger seg ut av skuleplassen. Skulane først og så, heilt til slutt, barnehagane. Barnehagebarna, som kanskje er dei som gleder seg aller mest, dei skal gå bakerst. Heilt bak. Uten musikk. Det er for så vidt greit nok det. Alle kan jo ikkje gå først, men det som ikkje er greit er at barnehageungane og deira foreldre må løpe gjennom heile toget for å i det heile tatt klare å holde følge med det. I tillegg så virker det som om dei som står og vinker til toget og roper hurra sammen med skuleungane tror at toget er slutt når barnehagane kjem. Då tar folk seg friheten til å spasere rett over gata og krysse toget der vi går med våre håpefulle som lurer på kvifor ikkje det er nåken som står og ser på dei.
Dei siste åra har den siste delen av barnetoget vore nødt til å ta en snarvei rett opp Trovikbakken for då kan dei gå rett inn der dei høyrer til i toget og få være en del av det når toget avsluttes ved kirka.
Dette syns eg må være heilt unødvendig. Kvifor i alle dager skal dei minste gå bakerst??? Både Torvmyrane og Brandsøy barnehage får gå sammen med skulane sine. Ville det då ikkje vore naturleg at dei andre barnehagane også fekk gå bak den skulen som ligg nærast dei? Skal våre minste innbyggere måtte henge på slep etter et barnetog som berre er for skulane i kommunen? Det er veldig trist å starte 17.mai med å springe med barnevogn og barna hengande som et slips etter seg i et tog som folk ikkje gidder å se på…Eller kanskje dei rett og slett trur at toget er slutt?
17.mai kommiteen som går fremst må huske at dei som går bak dei i toget stort sett har veldig kortere bein enn dei voksne og tempoet må settes deretter. Det er ikkje berre barnehagane som må springe.Skulane heng også som slips etter komiteen. Vi har vel ikkje så dårlig tid?
For tida er det to korps som spiller i toget. Kan ikkje dei plasseres med litt større mellomrom? Slik at det ikkje berre er 1/3 av toget som har musikk å gå til?
Det er ikkje alltid det skal så mykje til før en kan gjere en stor forskjell. Og sjølv om det alltid har vore slik så er det ikkje ein god nok unnskyldning for å ikkje gjere nåke med det. Når noko ikkje fungerer så må ein ta tak i det.
Eg utfordrer dei som har noko med dette å gjere til å ordne opp i det slik at dei minste også kan føle seg viktige og sett på 17.mai.

Vist 1088 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir