Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Høgre vil la familiane bestemme sjølve!

Høgre vil ikkje fjerne pappakvota, slik nokon i den rikspolitiske debatten ser ut til å framstille saka. Vi ønskjer å la foreldra sjølve få bestemme fordelinga av permisjonsvekene. Det vil ikkje bli færre permisjonsveker totalt, og heller ikkje færre rettar for pappa. Høgre går faktisk inn for å styrke pappaene sin rett til foreldrepermisjon, ved å gje dei sjølvstendig oppteningsrett til permisjonen. Det gjer vi fordi vi meiner det er viktig at ungen får verdifull tid både med mora og faren det første leveåret.

Ein del meiner at dagens statsstyrte pappakvote er naudsynt for at pappaer skal få forståing hos arbeidsgjevarar for å ta ut permisjon. Men foreldrepermisjonen er ikkje berre for mor, den er ein rett som begge foreldra har etter lova. Arbeidsgjevarar som vil nekte faren å ta ut foreldrepermisjon, med eller utan pappakvote, bryt lova. Med dagens pappakvote blir familiar kor far ikkje har høve eller råd til å ta ut kvota, straffa ved at de misser permisjonsvekene. Det går først og fremst ut over ungen. Difor er Høgre oppteken av å utvikle ei fleksibel ordning. Det er gledeleg at utviklinga har gått mot eit samfunn der både far og mor får høve til å vere meir saman med småbarna, og Høgre meiner tida er moden for at staten ikkje skal bestemme korleis dagens moderne foreldre organiserer privatlivet sitt.

Dagens permisjonsordning er retta inn mot ein A4 familie, men kvar familie har ulike utfordringar og behov. Med framlegg om to- eller tredeling av permisjonen vil no sterke krefter i både Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet gjere permisjonsordninga enda meir statsstyrt og standardisert. Høgre derimot ønskjer ei enklare og meir fleksibel ordning, som set barnet og familiane sine behov i sentrum. Det går eit grunnleggjande skilje her mellom meir statleg reguleringspolitikk og valfridom for småbarnsfamiliar.

Ei av Høgre sine viktigaste fanesaker er valfridom. Vi har tillit til foreldre, vi trur dei er i stand til å bestemme kva som er best!

Olin Johanne Henden
Kvinnepolitisk fylkesleiar Høgre

Bjørn Lødemel|
Fylkesleiar Høgre

Vist 822 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir