Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Aksjoner for Palestina mot staten Israel!

Staten Israel si bording av den humanitære Gaza-konvoien i internasjonalt farvatn viser tydeleg staten Israel sin brutalitet. No må norske styresmakter ta grep og straks utvise Israels ambassadør og stengje ambassaden.

Angrepet på skipa som fraktar naudhjelp til befolkninga i Gaza er eit grovt brot på Folkeretten, humanitet og sjørett. Å drepe deltakarane i fridomsflåten er eit brotsverk mot dei lange tradisjonane folk over heile verda har med å hjelpe land og folk i naud. No er jødar i fleire europeiske land i ferd med å sende båtlaster med naudhjelp til Gaza. I Raudt meiner vi at Norge ikkje lenger kan sitje stille og sjå på at Israel ikkje held seg til internasjonalt lovverk.

Det er absurd at Norge skal ha normale diplomatiske samband med eit land som okkuperer område, undertrykker eit heilt folk, og drep fredsaktivistar som prøver å drive naudhjelp. Raudt krev at regjeringa no bryt diplomatiet med Israel og stengjer den israelske ambassaden.
Norge må gå føre i arbeidet for å oppheve blokaden av Gaza, og eit viktig første steg vil vere å iverksetje ein diplomatisk boikott av Israel.

Straks det let seg gjere, må den raudgrøne regjeringa også trekkje oljefondet/pensjonsfondet sine midlar ut av alle israelske selskap. Når no også LO sitt representantskap har føreslått dette, burde den raudgrøne regjeringa sjå seg forplikta. Når LO sikra denne regjeringa fire nye år, må LO også bli høyrd på.

Vi som forbrukarar kan også gjere noko i det daglege; unngå å kjøpe israelske varer i butikkane. Det gjorde vi mot rasestaten Sør Afrika – no er det staten Israel sin tur. Kva med Samvirke-lag og Coop; “Litt mitt og litt ditt”. Coop Italia boikottar visst israelske verer. Coop Norge kan gjere det same. Fagforeiningane sin internasjonale solidaritets-praksis må opp og fram. Kommunane/kommunestyra kan gjere noko overfor handelsstanden! Alle kan gjere litt – til saman blir det mykje og effektivt.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Vist 232 gonger. Følgt av 2 personar.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir