Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

DEN FAGLEG REALITETEN OG KONSULENTANE SI OPPFATNING

Kven styrer helseforetakene og avgjer kva innsatsområde dei skal ha?

Etter å ha lest " Målbilete og modell for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Førde HF mot 2020" og “Gjennomgang og vurdering av drifta ved
ungdomsavdeling for psykisk helsevern (UPH) i Helse Førde HF” vert eit av spørsmåla; kor er dei politikarane vi stemde på for å få eit forsvar for velferdstaten?

Båe dokument er basert på gjennomgang og vurderingar av drift gjort av konsulentselskapet Price Waterhouse Coopers. Det uroar oss når drift av sjukehus vert tal og ikkje pasientar, når resultat som økonomisk overskot er viktigare enn folks fysiske og psykiske helse.
Det er eit demokratisk problem når “folkets” stemme ikkje vert gjenspegla i resultat av utøvd politikk. 13 kommunar med 50564 innbyggjarar støtta modell 1 i høyringsdokumentet, medan 13 kommunar med tilsaman 55982 innbyggarar tok ikkje stilling til modell eller dei hadde alternativ modell. Vi les av dette at fleirtalet av kommunane i Sogn og Fjordane tek avstand til modell 1. Likevel vel Helse Førde ein noko omdefinert utgave av modell 1, omdefinert med grunngjeving at målbilete ikkje kan realiserast straks . Det vert uforståelig for oss at Helse Førde vel ein modell som går på tvers av kva fleirtalet av “folket” ynskjer av tenester frå velferdstaten Norge. Det er ikkje konsulentfirmaet Price Waterhouse Cooper sine midlar som vert brukt her, det er det norske folks skattepengar som dekker innleige av desse konsulentfirmaene istadenfor å gå heilheitlig til velferdsgoder som helsetenester. Vi lurer på kor mange helsekroner som går til desse selskapa som kunne vert nytta til helsetenester?

Det vart i høyringsdokumentet frå Helse Førde påpeikt at strukturen innan Psykisk helsevern og Rus ikkje skulle endrast men byggast opp ved å ta i bruk rusposten på Nordfjordeid. Tiltross for utsagnet kjem rapporten frå konsulentfirmaet Price Waterhouse Coopers med forslag om nedlegging av UPH i Førde. Ei nedgradering og svekking av arbeidet innan barne og ungdomspsykiatri i Sogn og Fjordane. Går forslaget igjennom vil FO Sogn og Fjordane tolke det som eit svik frå Helse Førde si side. Eit svik grunngjeve med at dei vanskeleg kan sjå at nokon vil søke på stilling som barne og ungdomspsykiater. Utan at dei har lyst ut stillinga, så korleis veit dei det?

“Dei tilsette og deira kunnskapar er den viktigaste ressursen i føretaket” men den " viktigast ressursen" vert færre og færre ettersom underskotet vert større og større då det vert krevd inntening så resultatrekneskapen kjem i balanse. Kven skal til slutt utføre tenestene som egentlig skal utførast ved sjukehusa?

Etter å ha lest og studert dokumenta sit vi att med altfor mange spørsmål.
Men ein ting vert vi meir og meir sikre på, at sjukehusadministrasjonen legg seg flat for konsulentselskapa sine vurderingar og mennesklege hensyn må vike.

FO Sogn og Fjordane meiner:
Staten må ta tilbake styringa av helseforetaka, særleg i høve til spørsmål om overordna karakter som nedleggjing av helseinstitusjoner, sjukehusstruktur og investeringar. Helsepolitikken må avgjerast gjennom politiske prioriteringar og ikkje av markedsøkonomisk styring. Helseforetaka må endre fokus frå å tene pengar til å gje sjuke menneskje eit tilbod om behandling.
Leiinga i Helseforetaka må ikkje gløyme at dei viktigaste ressursane dei har er oss borgarane, pasientane og tilsette ved sjukehusa. Gløym ikkje å lytte til oss, det er våre skattepengar som vert nytta!!!!!!

FO Sogn og Fjordane
Styret

Vist 175 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir