Du må logge inn for å sjå denne sida
Annonse
Kystpuls

Kystdagen 5. september

Søndag 5. september går den årlege Kystdagen av stabelen på Kystmuseet i Flora. Dette blir ein flott familiedag – med mange ulike aktivitetar for små og store. 4H klubbane i Flora står for arrangementet som varer frå 11.00 til 16.00.

Dei siste åra har Kystdagen samla mykje folk på og rundt Kystmuseet. Aktivitetane føregår både inne og ute på Brendøya. Her kan ein spikke i rått tre inne i ein lavvo, snikkere plankebåtar ute på ein platning, padle kajakk ved Nilsenslippen, fiske krabbe i fjæra, vere med på båttur, gå natursti rundt Brendøya, lage naturbilde, smake på krabbe og ete mat frå bål – eller rett og slepp slappe av inne på museet med rømmegraut og nysteikte lappar.

Ta med heile familien til Kystmuseet søndag 5. september!
Her kan du sjå bilde frå fjorårets KYSTDAG:

Biletserie med 11 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 443 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Eg gledar meg til ein ny Kystdag! 4H-klubbane i Flora i lag med gode samarbeidspartar er dyktige som klarar å få til eit så stort arrangement kvart år. Kystdagen blir berre større og større, så det er ingen grunn å sitje heime!

Mvh Åge Avedal, 4H Sogn og Fjordane

Exclamation_desat_24

Dette blir ein kjempedag. Strålande vermeldingar og same flotte ramme som i fjor. Både barnefamiliar og andre skal få ein storarta dag på søndag!

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir