Annonse
Kystpuls

Framtidsretta vekst i sentrum!

Lesarinnlegg i Firdaposten 24.01.2012, frå Martin Igland Malkenes.

Sogn og Fjordane er eit av verdas mest ressursrike områder og er eit ynda mål for nasjonale og internasjonale selskap som ressursleverandør. Sogn og Fjordane har i dag 2% av Noregs befolkning men står berre for 1% av den nasjonale verdiskapinga. At det er slik er eit faktum. Korleis det har blitt slik er vanskeleg å forklare, men vel verdt eit forsøk:

Framtidsretta vekst i sentrum!

Mange har dei siste åra latt seg irritere over Trovik-kvartalet i Strandgata. Huseigar, kommunen og riksantikvaren har alle prøvd å få til ei løysing, utan hell.
Det har kome meg for øyret at eit dansk selskap no er villig til å kjøpe bygget for å skape vekst og nye arbeidsplassar i Strandgata. Selskapet ”Strandgata Steinforedling”, som er eigd av danske Himmelbjerg Mining Masters (HMM), ønsker å drive med steinforedling på tomta. Planen er å jevne kvartalet med jorda og sette opp eit moderne steinforedlingsannlegg. HMM har allereie lagt fram alle dei fantastiske tinga som vil skje med Florasamfunnet om vi er med på dette fantastiske samfunnsutviklande og framtidsretta tiltaket.
Det er forespegla mellom tre og fire faste arbeidsplassar i sjølve steinforedlingsverksemda som etter planen skal driftast i ein periode på 20 år. I anleggsfasen har HMM sagt at dei kun vil nytte lokale entreprenørar og leverandørar og det er venta at det samla vil bli lagt igjen rundt 15 millionar kroner lokalt. I tillegg kjem eigedomsskatten og vassavgifta som eit godt supplement til ei gjeldstynga kommunekasse.
Sjølve steinforedlingsanlegget vil være like stort som tomta og rage 25 meter over bakken. Det vil være i drift i 24timar i døgnet og produsere foredla stein for det lokale, nasjonale og internasjonale markedet. Anlegget skal i sin heilhet produserast i Tyskland og har ein prislapp på 235 millionar kroner og vil kunne produsere foredla stein til 34 vegprosjekt i året. Slik anlegget er tenkt vil det stå fram som eit estetisk mesterverk som vil forskjønne byen betraktelig. Å få eit slikt steinforedlingsanlegg vil gjere underverk for turismen. Ikkje berre vil cruise- og hurtigrutehavna Florø kunne tilby ein ny attraksjon, men folk frå heile verda vil mest sannsynleg komme for å kunne betrakte dette framtidsretta og estetisk flotte anlegget.
Anlegget vil generere ein del støy og steinforedlinga vil og føre til utslepp av finkorna støv til både luft og vatn. Dette vil gjere til at det til tider ikkje vil være mogleg å opphalde seg i området, men ei undersøking som er gjort viser at området er lite brukt uansett. Fordi dette kan oppfattast som negativt av enkelte har HMM generøst lagt fram ei liste med avbøtande tiltak. Det skal setjast opp to trebenkar, begge til ein verdi av 2450 kroner, i sentrum. Den eine skal stå ved rådhuset, den andre ved Samfunnshuset. Begge benkane skal produserast lokalt og eg veit at HMM allereie er i dialog med Origo om prosjektet. HMM vil og setje opp eit sårt etterlengta offentleg toalett mellom Hjørnevikbua og ”Strandgata steinforedling” som vil ha glastak slik at brukarane får høve til å sjå på det fantastiske steinforedlingsanlegget når dei nyttar toalettet. HMM har sågar sagt seg villig til å stå for reinhald av toalettet, vederlagsfritt. Det er og venta at arbeidarane ved anlegget vil nytte både Hjørnevikbua og Hjørnevikhagen som lunsjstader ved lønning, og dei to utestadane vil mest sannsynleg få stor pågang av turistar som vil spise i nærheten av den nye attraksjonen i byen vår. Leiinga i HMM har og sagt seg villig til å ete ved ein lokal restaurant om dei nokon gong vitjar byen vår.
HMM har sagt at dei er ønskar å bruke lokal stein til foredling og det føreligg konkrete planar om å hente ut masse både frå Batalden, Reksta og Skorpa, noko som vil føre til auka aktivitet og inntekter til grunneigarane. Ein kan i så fall forvente at fylkeskommunen vil oppgradere rutetilbodet i Florabassenget då fylket alltid stiller seg positiv til selskap utanfrå som ønsker å tjene på våre ressursar. HMM forventar å kunne foredle stein til ein verdi av 6,9 milliardar kroner i løpet av åra dei vil drifte anlegget i Florø. Pengar som vil komme godt med i dansk økonomi.
Ryktene seier at det politiske miljøet stiller seg svært positive til tiltaket og at dei ser på dette som eit godt tiltak som både vil gje arbeidsplassar, flotte benkar og offentleg toalett. Sikre kjelder seier at det er framsett krav om at benkane skal ha plass til minst fire personar og at det skal kunne henge blomsterpotter på sidene av dei. Det er og sagt at det er stas for småkommunar på Vestlandet å kunne få bidra til at store selskap i Europa tjener godt slik ein har hørt rykte om at små kystkommunar i Noreg er forplikta til å gjere gjennom EØS-avtalen.
HMM seier dette er einaste måten vi kan få til ny giv i Strandgata på. HMM har ofra mykje for å komme heilt hit, vi bør lytte til det som blir sagt og stille opp.
No blir alt bra!

Martin Igland Malkenes
Visjoner patriot

Vist 624 gonger. Følgt av 2 personar.

Kystpuls

Følgt av 1998 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir