Annonse
Kystpuls

Vågsøy må fortsetje som omstillingskommune

Domstein si avvikling av fiskeindustri i Vågsøy får store konsekvensar for lokalsamfunnet. Med denne nedlegginga, der bortimot 90 misser arbeidet, finst det snart ikkje heiltids arbeidsplassar igjen i fiskeindustrien i kommunen. I den attverande delen av næringa som steller med mottak av sild og makrell, er sesongane så korte at folk no går meir på arbeidsløysetrygd enn dei er på arbeid i løpet av eit år. Raudt Sogn og Fjordane er uroa for kva ei slik utvikling vil gjere med faglege rettar og tariffavtaler. Kven skal føre vidare kampen mot sosial dumping og for anstendige arbeidsforhold når det normale blir å gå på jobb på ei eller anna tilkallingskontrakt nokre få veker på seinhausten og vinteren?

Det trengst nye heiltids arbeidsplassar både innafor fiskeri og andre næringar i Vågsøy. Men då må også kommunen få naudsynt hjelp og stønad til å utvikle dette. Vågsøy har bak seg ein periode som såkalla omstillingskommune i lag med m.a. Høyanger og Hyllestad. Ekstraordinær innsats i form av omstillingsstatus med midlar og kompetanse frå fylkeskommunen har vore eit viktig og godt verkemiddel mange stader. Den alvorlege utviklinga som no har skjedd, må gje Vågsøy forlenga status som omstillingskommune.

Fylkesårsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane

Vist 72 gonger. Følgt av 2 personar.

Kystpuls

Følgt av 1998 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir