OMVISNING PÅ KINN MÅNDAG TIL FREDAG 1.JUNI-31. AUGUST

Torsdag 10. juni 2010 kl. 16.00 til 21.45 Kinn kyrkje

Kinnakyrkja2

Kinn Turistservice ventar med guide på kaia. Det blir vandring på øya frå kaia til kyrkja – ein tur på omlag 40 minutt i roleg gange langs ein vel 1 km lang grusveg. På turen får du mellom anna høyre om dei store sildefiskeria ved Kinn. I kyrkja, som er ei av dei eldste i landet, får du ei spesiell stemningsoppleving. Omvisinga er ei tidsreise med tonefølgje, der ein får høyre om kyrkja si utvikling, frå 1100-talet og fram til i dag.
Etter omvisninga har ein tid til å utforske øya på eiga hand. I tillegg er det er sal av mat og kaffi i Kinn gjestehus. Båten går frå Kinn kl 20.30.

Billettar:

Kvar onsdag må ein tinge plass på båten tilbake til Florø kl 20.30. Dette er ei tilleggsrute med avgrensa tal plassar. Ting plass på Flora turistkontor+47 57743000.
*Billettar : *
Guiding på Kinn
Vaksen kr 120,-
Born under 16 år i følgje med vaksne går gratis.
Studentar kr 60,-

Arrangør:

For meir informasjon kontakt:
Flora turistkontor
Strandgata 30, 6900 Florø
Tlf +47 577 43 000

User_128x128

Kvar skjer det?

Kommentarar


Fredag 30 Juli er omvisinga avlyst grunna bryllup!