Annonse
Kystpuls

Kino Florø: Arn - Tempelridderen

Fredag 22. februar 2008 kl. 21.00 til 23.18, Flora samfunnshus, Florø

Arn – Tempelridderen er ein samproduksjon mellom Norge, Sverige, Danmark og Tyskland. Filmen varer i 2 timar og 18 minuttar.
Aldersgrense: 11 år.
Dette er siste framsyning i Florø.
Regi: Peter Flinth.
I dei viktigaste rollene: Joakim Nätterqvist, Sofia Helin, Stellan Skarsgård, Michael Nyqvist, Milind Soman og Nicholas Boulton.

Filmproduksjonen om den svenske korsfararen Arn Magnusson, er den største i Skandinavia nokon gong. Filmen er basert på den svenske forfattaren Jan Guillous bøker. Forteljinga er lagt til 1100-talet, og blandar fiksjon med historiske fakta.
Dramaet tek utgangspunkt i Arns møte med Cecilia. Kjærleiken mellom dei gjer dei til offer i kampen mellom sterke og motstridande krefter. Cecilia blir innesperra i kloster, medan Arn vert sendt som tempelriddar til krigen i Det Heilage Landet. Når Arn kjem heim att til Sverige, må han ikkje berre kjempe for sin kjærleik til Cecilia, men også prøve å få landet sitt til å bli eit sterkt og samla rike.

3,88 er gjennomsnittleg terningtal for vurderingane til 8 aviser og media.
4,75 er publikums dom til Filmweb.
Les meir om filmen

Sofia Helin (Cecilia) och Joakim Nätterqvist (Arn

Stillbildsfotograf: Erik Aavatsmark)

Var du med?