Annonse
Kystpuls

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 2. november 2009). Les mer om roperten…

Julemessa 2009 i Florø

Laurdag 14. november 2009, Flora samfunnshus

Husflidsmessa 2009 i Florø: Meir redesign/gjenbruk!

I år kjem fleire nye utstillarar som nyttar brukte stoff, plast, sykkelslangar mm i nye produkt og blant dei er hovudutstillar Luddeklær. Dei syr retro barneklede laga av gamle tekstilar, sjå også www.luddeklar.no. Kvart plagg er heilt unikt, i god, gammal 70-tallsstil. Å velje slike klede til ungane er eit miljøval, men dette er også god design!

Florø Husflidslag satsar på ein god miks av gamle og nye utstillarar. Vi har alle dei tradisjonsrike produkta å tilby, gamle tradisjonar på nye måta, men også kreative innslag av ulike slag.

Messa tilbyr sydde, knytta, quilta, vevde, strikka, tova, hekla, gimpa, mala, klipte, smelta, forma, brente, fletta, smetta, spikka, sveipa, smidde, garva, dyrka, raka, steikte, malne, tørka og spikja ting – ja, og mykje meir! I alle fall kan vi tilby noko for ein kvar smak. Besøkande vil nok finne meir tradisjonsmat enn tidlegare. Heile 56 utstillarar har vi funne plass til på Samfunnshuset laurdag 14. og søndag 15. november.

Med helsing

Florø Husflidslag
v/messestyret

Var du med?

Ein deltok Person_gray

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?