Offisiell opning av Nordsjøløypa på Davik
Nordsjøløypa er ein turløype / kultursti langs skogsveg og gamle ræser rundt Davik -bygda , oppom bø-garden. Løypa er ca 5,5 km .
Arrangementet startar med løypevandring med natursti . Ein kan gå heile eller halve løypa. Det blir med turleiar frå begge startstadane. Vil du gå heile løypa , startar du i Bakkjen kl 11 00. Vil du gå halve løypa, startar du ved Hamrefossen kl 1300. Er du 15 år og yngre , går heile løypa og fullfører naturstien , blir du med i trekkjinga om 3 flotte premiar.
Opningsseremonien og -festen blir i Jørntunet ca kl 1430. Der blir det servering av rømegraut, grilla pølser og kaffi med noko attåt. Alt er gratis !
Dette blir ein flott dag med høg stemning. Alle er velkomne !

