Jorda Rundt med Vestørn av Måløy. en reise i historier, musikk, film og bilde.
Foredrag med Odd–Rune Mitvik (Maxi)
Draumen var å segle jorda rundt. Primus motor og kaptein Maxi var 26 år gammal når båten vart kjøpt. Etter 6 år og tusenvis av arbeidstimar var restaurering og ombygging ferdig , og det gamle vraket omgjort til ei fantastisk skute. I juni 1994 var segla heis og kursen satt for eventyr på dei 7 hav. For kaptein og primus motor Maxi var dette eit stort augeblikk og starten på ein ny livstil.
På si 8 år lange jordomsegling opplevde kaptein og skute det meste av både glede og dramatikk ein kan tenke seg. I stillehavet fekk skipskassa påfyll då båten ei tid vart legd ut til eit filmselskap for å lage dei kjente filmane "Famely Robinson "og “return to Trasure Island”. I Thailand var dei med på den norsk tv produksjonen “jakten på det gode liv”.
Etter Thailand opphaldet forsette reisa gjennom det Indiske hav. Til fjerne øyer og det storslåtte Afrika. Utanfor Afrikas berykta kapp fekk skute og mannskap opplevde turens verste storm. I 3 døgn feide ei orkan med vind oppe i 90 knop.(nesten 180 km i timen) På Madagaskar måtte Maxi og mannskap rømme landet på grunn av korrupt politi og tvilsam rettsvesen. I Brasil ble Odd rune knivstikket under angrep av lokale piratar. Berre flaks gjorde at han overlevde det brutale nattlege angrepet. Etter 6 mnd i sambaens heimland, segla Vestørn vidare tilbake til Karibien, og kryssa sit eige kjølvatn. Når Maxi selde Vestørn i Karibien i 2002 hadde kaptein og skute segla til saman utrolege 40 000 nautiske mil.
I samband med utgiving av boka “Jorda rundt med Vestørn”, har Maxi utarbeidd eit foredrag og visuelle reise frå det eventyrlege prosjektet med Vestørn. Av foredraget som dokumenterer den gigantiske ombygginga av båten, kjem det fram at alt er mogleg så lenge ein har "jern vilje " for å nå sine mål.
Maxi er for tida i gong med si andre jordomsegling som han kombinerer med arbeid i Nordsjøen. Han har denne gongen segla aleine, både over Atlanteren og store deler av Stillehavet. Maxi vil halde foredrag i Svelgen. Florø og Måløy før han set seg på flyet for å segle båten sin vidare frå Malaysia.
Vi er glad for at eventyraren og livsnytaren Odd-Rune Midtvik vil meddele sine spennande opplevingar med oss alle, og ønskjer alle hjarteleg velkommen til en reise i historier, musikk, film og bilde.
Billetter selges i resepsjonen på hotellene og i døra
Les meir på Vestørn si heimeside
Film
“Arr. Veikingkonvoien”":http://www.veikingkonvoien.com



