Hildegunn Moltubakk og Leif Per: Midtveis i livets swissrull
Laurdag 18. oktober 2008 kl. 21.00, Flora samfunnshus, Florø
Fredrik Steen og Ørjan Liavåg spelar rollefigurane Hildegunn Moltubakk og svogeren Leif Per frå Ulsteinvik på Sunnmøre. I dag er dei i Florø med si nye framsyning Hildegunn & Leif Per – midtveis i livets swissrull. Showet hadde premiere i fjor, og då hadde paret hatt sju års pause sidan si førre framsyning som framleis vert rekna som ein av Norges største revysuksessar.
