Steinalderkveld
Arkeolog Hein Bjartmann Bjerck (NTNU) kjem til Kystmuseet for å halde foredraget:
Steinalderen var ei fin tid å leve i. Det var difor han varte så lenge. Om dei tidlegaste menneska her i landet – arkeologiske funn og teoriar om kven dei var og korleis dei levde

Bjerck er særleg oppteken av pionerbusettinga langs norskekysten, som han reknar for å vere ein av verdas eldste kystkulturar. Han er no aktuell som redaktør for dei fyrste publiserte resultata av dei arkeologiske utgravingane i samband med det store Ormen Lange prosjektet på Aukra.
Dette er eit godt høve for alle interesserte til å få eit heilt oppdatert innblikk i den eldste steinalderen langs Vestlandskysten! Vel møtt til ein spennande steinalderkveld på Kystmuseet!

