Kvernsteinsbrota i Hyllestad
Arkeolog Irene Baug (UiB) og steinhoggar Torbjørn Løland (Åfjordstein) kjem til Kystmuseet for å halde foredraget:
Kvernsteinsbrota i Hyllestad – produksjon og eksport frå vikingtid og mellomalder

Hyllestad har vore eit av dei største produksjonsområda for kvernstein i Noreg. Kvernsteinsdrifta strekkjer seg attende til yngre jarnalder, men det var først på 1000-talet at aktiviteten ekspanderte. Denne kvernsteinshistoria handlar ikkje berre om Hyllestad – kvernsteinar frå Hyllestad er spreidde vidt omkring både i Norden og Nord-Europa.
Irene Baug fortel om forskinga si om produksjon og eksport av kvernstein frå Hyllestad. Torbjørn Løland fortel om steinhoggarhandverket, livet i og rundt kvernsteinsbrota og korleis dei formidlar dette i Hyllestad gjennom kvernsteinsparken.
Gratis inngang. Sal av kaffi og vaflar.
Julegavetips: Det vert høve til å kjøpe handverksprodukt frå Åfjordstein (smykker, minihandkverner etc.)
Meir om produkta frå Åfjordstein
Sjå heile haust- og vårprogrammet til Kystmuseet
