Viser arkivet for oktober, 2009

Kommunesamanslåing - tap av velferd og makt

Raudt vil gje ros til Liv Signe Navarsete som i NRK 22. okt. sa at det ikkje vil bli tvangs-samanslåing av kommunar i hennar tid som kommunalminister. Dette gler vi oss verkeleg over. Raudt vil oppretthalde kommune-strukturen fordi vi er mot sentralisering av velferd og makt.

Fleire stader i fylket er det no ordførarar som ”drøymer”. Sogndal-ordf. Aarvoll (AP) drøymer om storkommune frå Hella til Sognefjellet. Hyllestad-ordf. Bråstad (SP!) ser ut til å ville gå saman med Fjaler – og Askvoll? Sentralistane i Indre Sunnfjord greier vel ikkje heilt å leggje frå seg draumen om eit ”stor-Førde” sjølv om innbyggjarane stemte nei i 2003.

Kommunesamanslåing er å sentralisere velferd og makt. Ta skulen i Jostedalen som eksempel. Vi har vanskeleg for å tru at kommunestyret i ”stor-Sogndal”, med sine fleirtals-representantar spreidde frå Leikanger til Kaupanger, vil identifisere seg like mykje med skulen i Jostedalen som kommunestyre-representantane i Luster gjer. Representantane i Luster kommunestyre, også dei frå Hafslo eller Skjolden, vil lettare identifisere seg med jostedølene enn kva systrendingar, sogndøler og kaupingar gjer. I kommunestyret i det eventulle ”stor-Sogndal” vil det heller ikkje vere så mange jostedøler, lustringar og hafslo-bygdingar at det hjelper. Slik er det – den kommunesamanslåinga som Aarvoll går inn for, aukar sjansen for at Jostedal skule blir nedlagt.

Sjølvsagt blir kommuneøkonomien avgjerande for om samanslåarane får vind i segla. Dårlegare kommuneøkonomi, ofte gjennom berre delfinansierte statlege pålegg, gjev samanslåarane vatn på mølla. Her har du, Liv Signe, det øvste ansvaret. Svak kommuneøkonomi er ei sterkare kraft for frivillig kommune-samanslåing enn dine forsikringar om at du vil gå mot tvangs-samanslåing. Kan du la SP lokalt gå inn for frivillig kommune-samanslåing når det så opplagt aukar sjansen for at makt og velferd blir flytta til sentrale strok?

Og kvar står SV i saka? Vi forventar at partiet ikkje står så langt frå Raudt i denne saka. Kva med Sogn og Fjordane AP – mot tvangs-samanslåing, men vil lokke/presse fram frivillige samanslåingar?

Ingunn Kandal
Leiar Raudt Sogn og Fjordane

Styrka kommunal velferd er umogleg utan grunnplansopprør

Raudt meiner at kommunane får 25-20 milliardar kroner for lite i statsbudsjettet for 2010. Vi meiner dette av fleire grunnar. Det er mange uløyste oppgåver i kommunane og det finst oppgåver som blir løyst for dårleg. Det er mange stader ei konstant underbemanning og mange kommunalt tilsette blir løna for dårleg (det skulle m.a. vore likeløn mellom kvinner og menn).

Raudt sitt krav stemmer truleg godt med summen av ønskje og krav som kommunalt tilsette og kommunane sine innbyggjarane har. Derfor trengst det grunnplansopprør. Initiativet frå Moss bystyre må støttast og brukast til mobilisering utanfor sentrale deler av rådhusa.

Og kanskje er ordførarar og rådmenn etter kvart meir einige med Raudt: ”Lite jubel i kommunane” er Fjordenes Tidende 16. okt. si oppsummering av kva ordførarane i avisa sitt nedslagsfelt meiner om statsbudsjettet. ”Ventar like tøff budsjettprosess” er avisa Ytre Sogn si oppsummering av kva rådmann Arvid Lillehauge i Høyanger kommune hevdar. Dette lovar ikkje godt for oss som skal vedta budsjett for 2010.

På den andre sida står Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), fagorganisasjonen for norske kapitalistar, og meiner at statsbudsjettet brukar 5-10 milliardar for mykje. I bokstavleg tala same klasse står DnB og vil ha nye 5 milliardar av staten.

I Soria Moria 1 skulle kommuneøkonomien styrkast for at ”tilbudet i skolen og eldreomsorgen” kunne ”bedres.”. Kommunane hadde i 2008 likevel eit underskot på 24,7 milliardar. I Soria Moria 2 er det ”tilbudet innenfor barnevern, skole, pleie og omsorg” som skal ”bedres” – dvs. endå fleire gode formål.

Kva må gjerast for at kommunane skal kunne styrke barnevernet, redusere elevtalet pr. pedagog, auke grunnbemanninga i eldreomsorga og styrke det psykiske helsevernet? Vi må få ein folkeaksjon for styrking av kommuneøkonomien slik vi har folkeaksjon for sikring av lokalsjukehusa.
Rådmenn, ordførarar, kommunalt tilsette og vi andre som står nær dette må få konsekvensane av statsbudsjettet ut til fagforeiningane og lokalsamfunna.

Det trengst eit grunnplansopprør som kan minne dei raudgrøne på løfta dei gav ved stortingsvalet for ein god månad sidan – løfta som fleirtalet stemte på og ville ha gjennomført. Moss bystyre oppmodar alle kommunane i landet til å støtte krava frå Kommunenes Sentralforbund om ein forpliktande opptrappingsplan for kommuneøkonomien. Vågan kommunestyre i Nordland har vedteke ei liknande fråsegn.

Begge deler er svært bra og det avgjerande blir m.a. om også fagrørsla rundt om i landet gjer dette til si sak. Med fagrørsla meiner vi fagforeiningane i både offentleg sektor og i bedriftene. Stilt overfor ein slik folkeaksjon må nok både kommunalminister Navarsete, finansminister Johnsen og statsminister Stoltenberg ut med meir pengar til kommunane. Noko anna ville vere for avslørande så kort tid etter valet.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Kinatur i påska 2010. Rundreise i natur og kultur

Yangshou- Li River

Dei som enno ikkje har fått oppleve det eksotiske og vidstrakte Kina, bør sette av tolv dagar i påska neste år. Då dreg Fred-Arild Grøneng på sin tredje tur som reiseleiar for Hagelaget til Kina igjen. Turen vert ein rundtur med temaet: ”Rundreise i natur og kultur” og er såleis ingen smal hagetur. Den vert ein kombinasjon av dei førre turane og har start og avslutning i Beijing. Ein nattleg togtur tek ein til Suzhou, Kinas svar på Venezia, og deretter går turen til Shanghai. Så flyg ein sørvestover mot Yunnanprovinsen til Lijiang med majestiske landskap og eit konglomerat av Kinas mange minoritetsfolk. Frå fjellandskapet går så turen sørover til Guilin, og etter ei natt der, cruisar ein nedover Lielva som slyngar seg mellom sukkertoppåsar av kalkstein i eit dampande eksotisk sletteland. Perla i dette området er Yangshuo, der ein stoppar ein dag før turen går attende til Beijing med avslutning i Den Forbodne Byen. Og før ein stig på flyet heim, kan all handel gjerast unna på den vidgjetne Silkemarknaden.
Overnattingane er på førsteklasses hotell og med full pensjon på ulike restaurantar der ein får teste ut dei mange kinesiske kjøkkena. Dei fleste aktivitetane er inkluderte, men nokre er valbare tillegg slik at ein i den tida kan utforske små idyllar på eiga hand.

HER finn du heile programmet, pris og bilde fra stadane turen går til.

Kontakt Fred-Arild Grøneng 99166451 eller hageflor@online.no for meir informasjon

Vi har tre plassar att, men må ha PÅMELDING SÅ SNART RÅD ER ETTER NYTTÅR!

Dette skriv turoperatøren %{color:red}*mitt*%KINA:

- Bli med på ei spennande vandring frå vårlege fargar på Den Store Muren til Kunming «Byen med evig vår», og frå skyskraparar i verdsbyen Shanghai til den vesle idyllen Lijiang mellom majestetiske fjell. Opplev keiserleg arkitektur og storslegen natur, fantastiske kulturopplevingar og eksotiske kulinariske oppdagingar.
- Reisa startar i det 3.000 år gamle Beijing, Kina sin hovudstad. I alt 33 keisarar har regjert landet herfrå. Å komme til Beijing er som å stige inn i ei av verdas eldste historiebøker. Her ligg gamle historiske bygningar side om side med notidas moderne arkitektur. Mange drøymer om å spasere på Den Kinesiske Muren og nyte ein enorm, nesten urøyrd natur. Andre gler seg over den historiske atmosfæren i Den Forbodne Byen eller eit besøk i Sommarpalasset, med dei best bevarte keisarlege hagane i Kina.
- I Suzhou stod vogga til Wu-kulturen, og den er ein av dei eldste byane ved nedre løpet til Yangzielva. Byen vart grunnlagd kring 500 år før Kristus. Etter generasjonar med forfall har det pågått omfattande restaurering og oppattbygging sidan 1950-talet.
- Yunnan er ein provins i Kina. Med utgangspunktet i Lijiang, reiser vi og besøkjer små perler som byr på store historiske fornminne, uvanleg fargerik kultur og vakre naturlandskap. Provinsen er berømt for det enorme mangfaldet av planter, og mange av våre hageplanter har vorte henta herfrå. Dei fleste av Kina sine mange minoritetsfolk er også representert i Yunnan.
- Turen går vidare til den sørkinesiske idyllen Guilin. Byen var ein gong hovedstaden i Guangxi. Guilin er kjend for sitt vakre landskap som ein ofte finn att i kinesiske landskapsmåleri. Grøne kalksteinsberg reiser seg som store sukkertoppar over slettelandet, og vakre elver buktar seg gjennom dei grøne rismarkene.
- Shanghai er ein verdsby med 17 millionar innbyggarar. Med ei blanding av kinesisk og europeisk kultur banker byen sin puls i ein særeigen rytme. Shanghai er i dag den mest moderne og ekspansive byen i Kina, og gatebildet er prega av flammande neonlys og skyskraparar med dristig arkitektur.

Beijing- Sommarpalasset

Beijing- Den Himmelske Freds Plass

Beijing- The Great Wall

Suzhou- Huqiu-parken

Suzhou-Kinas Venezia

Shanghai- Skyline at Night

Shanghai- Folkets Plass

Lijiang- Black Dragon Pool

Lijiang- Jade Dragon Mountain

Kunming- Hot Pot

Guilin

Yangshou-Slangevin mot ryggvondt

Beijing- Den Forbodne Byen

Glade Kinabarn

Kunming-kvinne frå minoritetsfolk

Naxi-Minoritetsfolk

Lijiang-A coming star

Yakoksar

Magnolia

Trepion

Kamelia

Clivia

Å teie er å lyge.

Å teie er å lyge!

For ein tid tilbake fekk Herta Muller Årets nobelpris i litteratur for sit forfatterskap om korleis maktmennesker kan deformere menneskets psyke.Å alle som har fylgt med i kampen om sjukehusene her i landet -også her i S&fj kjenner godt til at dette ser ut til aldri ta slutt.Vi er vorte tuta øyrene fulle av kva som er best for oss,Dette har ein gruppe politikarar og byråkrater set seg fore å satse sit omdøme på.
Striden er etter kvart vorte så fastlåst at det går på helsa laus for både pasientar og dei som kjemper for å få beholda helsetjenestane i nærmiljøet.Det går ikkje ein mnd utan at det systematisk blir kringkasta at no legg vi ned arbeidsplasser,tek ut kompetanse grupper og til slutt på fredag, der styeleieren stod fram å sa “dette får pasientane merka.”
Styre for HF ser ut til å ikkje forstå at dei drev eit hasard med mennesker.Dette viser oss sannsynlig at dei som set i styret har klart å dreia saka bort frå seg sjølve.Og velger å spele hasard med våre penger utan å forstå kva gale dei gjer.Når det no er gått så gale som dei fleste av oss sa ville skje ,så kan dei alikevel setja der i den visshet om at dei slepp å ta på seg skyld for det dei gjer og har gjort til no.
Kampen mot eit politisk system og forsøk på hemmelighold for å gjennom føra det vi ser i dag er ein tilpassing for noko som ser ut til vera det underliggande, viser at sterke krefter er i sving for å få landet inn i EU.
Å komma med kritkk av styrer og dei som set med makt er ikkje heilt ufarlig har i Sogn og Fj heller,det har eg fått merka fleire gonger,men ein velger sjølv kva ein kan leva med og det forundrar meg at ein i Sogn og Fj ikkje ser den uverdigheita det er for mange å bli gjort til kasteballer i systemet som det leggast opp til her.Det som like vel er verst er dobbelmoralen og hykleriet i desse stadige tilbake vendene prossane som vi blir tvinga til å leva med i kvardagen. Eg tenker på pasientane,arbeidarane og dei som ikkje veit kva neste dag vil bringe.

Ein ting skal folk i Sogn og Fj vera stolte av Dei har ein indre styrke og har verdigheten i behold -sjølv om dei stadig får pålagt byrder samfunnet ikkje klarer å ordne opp i sjølve.
Følges av 1 person.
Aase L

Visit FjordKysten AS tek eit steg vidare

Jente med prestekrage

For å styrkje reiselivssatsinga på fjordkysten av Sogn og Fjordane, er det planlagt etablert eit selskap som skal koordinere aktivitetar og drive overbyggjande marknadsføring for dei mange små og store aktørane i regionen. Bak oppretting av selskapet står Sunnfjord2020, Stiftinga Jensbua og Bremanger Hamn og Næring KF. Fleire kommunar og bedrifter har vedteke å teikne aksjar slik at vi no har eit stort håp om å skaffe tilstrekkeleg aksjekapital. Derfor lyser vi ut stillingane som dagleg leiar og marknads- og webansvarleg.

Fjordkysten er eit omgrep som stadig oftare vert nytta om kyststrekninga i Sogn og Fjordane mellom Gulen i sør og Selje i nord. Som innfallsport til dei verdskjende fjordane, representerer fjordkysten ein særeigen og eksotisk destinasjon som interesserer stadig fleire turistar. No ønskjer det lokale reiselivet å ta ut ein større del av potensialet som ligg i denne turistdestinasjonen. – Det viser seg at vi har eit stort potensial i å
vise oss fram som eit samla tilbod. Kvar einskilt aktør i regionen kan få tilgang til ein større marknad ved å verte marknadsført som ein del av ein større heilskap.

Visit FjordKysten blir eit selskap som skal ta seg av marknadsføring og profilering av dei sju kystkommunane Gulen, Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Flora og Bremanger. Visit FjordKysten skal ha som oppgåve å koordinerer store delar av reiselivssatsingane på kysten. Sunnfjord 2020, Stiftinga Jensbua og Bremanger Hamn og Næring KF skal ha lokalt ansvar for turistinformasjon, prosjekt og lokal reisemålsutvikling. Saman med
dei lokale selskapa er målet å marknadsføre heile breidda av opplevingar og overnattingsmoglegheiter langs FjordKysten av Sogn og Fjordane.

Sjå annonse og prospekt på www.sunnfjord2020.no

SMS - parkering - økonomi

Såg at Dale hadde snakka med Firdaposten ifm. NAV-plasseringa.
Eg skal ikkje meine så mykje om denne plasseringa, det er eit vanskelig valg og eg ser fordelar med plassering både i bankhola og ved SMS.

Men det eg stussa på var det han sa om at eigarane av SMS, med tilhøyrande parkeringsplass, ikkje tener “så mykje” på SMS! No kan det være at “ikkje så mykje” kan være noko heilt anna i lege-kretsar enn det eg legg i uttrykket, men likevel; dette er ikkje bra!

Det er altså her snakk om eit bygg som, så vidt eg veit, har leigt ut 100 prosent av arealet til solide og betalingssterke leigetakarar i ei tid med rekordlåg lånerente. Klarar dei ikkje å få god økonomi i dette no, så klarar dei det aldri… Er det ingen som kan hjelpe dei litt med å få lønsemd i dette?

Det same gjeld parkeringsplassen, dei har ikkje tent “fem øre”! Det er altså snakk om ein parkeringsplass som stort sett er stappfull dagen lang, med betaling frå første sekund. Og der folk stort sett ser seg nøydde til å hive på ein god slant ekstra for å være sikker, det er som kjent ikkje lett å vite kor lenge eit besøk på SMS kan vare…
Nei, dette er heller ikkje bra, kven kan hjelpe dei med økonomien her?

Eg tenker også på dei andre, dei som har fått til gratis time-parkering og sikkert har hatt sine utgifter, dei tener i alle fall ikkje “fem øre”, dei må vel sitte igjen med enorme minustal i reknskapen?

Dette er heller ikkje bra, korleis skal dette ende…?

Høgre-konferanse etter valet med Erna Solberg på Hotel Alexandra til helga

Høgre har haustkonferanse i Loen i helga. Partileiar Erna Solberg samt stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker/Hordaland og Bjørn Lødemel er blant innleiarane. Omreisande fylkespartisekretær Ingvar Torsvik Myrvollen skal gå gjennom valkampen steg for steg. Fylkespartiet skal på konferansen evaluere valkampen/valet – der partiet gjekk fram i alle 26 kommunane og kom attende på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Leiar av evalueringsutvalet er Arne Lesto frå Jølster.

Eit anna viktig tema på saklista er vegen vidare fram mot kommune- og fylkestingsvalet i september 2011. Det blir og innleiingar ved Jacob Nødseth frå Unge Høgre samt Inger Hoff/Olin Johanne Henden om kvinner i politikken. Partiet er i dag representert i alle kommunestyra i fylket, har ordførarar i Balestrand samt Hornindal – og har m.a. to hovudutvalsleiarar i fylkespolitikken. Det er påmeldt vel 60 deltakarar frå heile fylket.

Her bilde frå valkvelden med 1. vararepresentant til Stortinget Jacob Nødseth, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og omreisande fylkespartisekretær Ingvar Torsvik Myrvollen

FOR KOMMENTARAR/MEIR INFORMASJON:
- fylkesleiar og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel 917 77 488
- omreisande fylkespartisekretær Ingvar Torsvik Myrvollen tlf. 901 23 185 el. priv. 932 49 145

En bedre skole!

En god skole er trolig en av de viktigste faktoren for en god samfunnsutvikling. Selv om vi har en god skole i dag, er det derfor viktig at vi hele tiden søker etter å gjøre skolen bedre, uten at det er nye reformer som er løsningen.

Skolen sin hovedoppgave handler om å utvikle den enkelte elev mest mulig ut i fra hans eller hennes ståsted. Det handler om å lære grunnleggende kunnskaper som for eksempel leseforståelse tidlig, og om å få fagkunnskap på mange områder. Men det handler også om å utvikle seg som menneske og lære samhandling med andre mennesker, både fra egne og andre kulturer/bakgrunner.

Vi er forskjellige som individer og vi må ha en skole som gir maksimal utvikling både til teoristerke og teorisvake elever. En skole som også gir de samme mulighetene til de som har sin styrke i praktiske fag og til de som har “ti tommeltotter”. Alle husker vi vel de gylne øyeblikkene på skolen da vi virkelig skjønte eller virkelig fikk til noe som vi hadde strevd lenge med.Om det var en ligning eller en fuglekasse var mindre viktig.

Dette er idealet som vi alltid må jobbe i mot. Da tror jeg det er viktig å lytte til de som har sin hverdag i skolen, både som elever og som ansatte. Det kan selvfølgelig komme ulike signal fra forskjellige grupper, men noen sammenhenger går igjen; godt kvalifiserte lærere, både faglige og med evne til kunnskapsformidling. Samtidig må de ha tid nok overfor hver elev til å utføre lærerjobben sin godt, og mulighet til å bruke formidlingsformer som er tilpasset elevene.

Alt det andre som påvirker skolehverdagen, som skolemiljø, ledelse, lærerutdanning, fysisk utforming, skolemat, osv, bør i større grad være rettet mot, og være tilrettelagt for, å nå det overordnede målet og ikke i for stor grad bli et mål i seg selv.

Jeg mener den nye regjeringserklæringa tar gode steg i rett retning ved å styrke skolen med flere lærere, sikre etter- og videreutdanningen, legge til rette for å frigjøre mer av lærerens tid til undervisning, innføre flere praktiske fag og styrke rådgivningstjenesten. Dette er viktige grep for å nå hovedformålet med skolen; å gi det enkelte barn og ungdom maksimale muligheter for læring og utvikling.

Tenke globalt – handle lokalt!

”Kjører du to km til butikken for å kjøpe torsk, slipper du ut mer CO2 enn torsken gjorde tur-retur Kina.” (Mekonnen Germiso – forskningskoordinator i ”Fremtiden i våre Hender” )

Eg kan ikkje gå god for reknestykket, men uansett er det to viktige poeng i denne utsegna:
1. Sjøtransport med store lasteskip er ein særdeles energieffektiv transportmetode.
2. Handleturar er ei større miljøbelastning enn dei fleste er klar over. Kortreist mat er bra, men kort handletur er viktigare!

Kvar einaste laurdag går det landet rundt ein straum av bilande familiar på veg til dei store butikksentra. Transportøkonomisk Institutt reknar med at handleturar representerer 25% av all kjøring med privatbil i Norge. Etablering av store kjøpesentra føreset at ein samlar kundar frå store omland. Denne butikkstrukturen representerer ei formidabel kjelde til utslepp, vegslitasje og ulukker, i tillegg til sentralisering av arbeidsplassar, inntekt og aktivitet. Dette er køyring som kan reduserast vesentleg utan negative verknader verken for samfunn eller enkeltpersonar. Det trengst ikkje politiske vedtak for å endre denne praksisen. Det er opp til deg og meg. Vi, – kundane, representerer marknadsmakt som vi kan bruke til å styrke lokalsamfunn, skape arbeidsplassar, legge grunnlag for nye verksemder og skape levande bygder og byar.

Det er mykje å tene og lite å tape på å redusere denne valfarten til store butikksentra.
• Redusert kjøring og mindre utslepp.
• Mindre slitasje på bil og veg,- sparte utgifter for samfunn og privatpersonar.
• Mindre trafikk, færre ulukker, færre skadde og mindre utgifter for samfunnet.
• Meir omsetning lokalt gir betre butikkar, betre vareutval og betre tilbod.
• Fleire og betre arbeidsplassar i lokal handelsnæring
• Levande sentra i alle kommunar.

Kven sitt ansvar?
Eg høyrer motargumenta: ”Det er lokale butikkar sitt ansvar å halde konkurransedyktige prisar og vareutval så vil kundane bruke dei. Det er ikkje kundane sitt ansvar at lokal handelsnæring skal overleve”.
Det kan diskuterast. Butikkeigar har ansvar for å drive butikk, overleve som verksemd og skaffe inntekt til seg og tilsette, men han har ikkje ansvar for å gjere det her. Dersom kundane på død og liv skal til handelssentra, er det enklaste alternativ også for butikken å flytte. Då har butikkeigaren løyst sitt problem. Lokalsamfunnet er taparen, ikkje butikk eigaren. Det kokar faktisk ned til den enkle samanhengen: Vil vi ha eit levande sentrum, eit levande lokalsam-funn, arbeidsplassar og vareutval lokalt, må vi bruke det! Ingen har moralsk plikt til å støtte lokale butikkar. Vi må berre vite at våre val har konsekvensar. Dersom vi skal handle der ”alle” handlar, blir konsekvensen nedlegging av lokale butikkar, tapte arbeidsplassar, eit daudt sentrum og tome butikklokale. Butikkeigaren har det bra for han har flytta butikken dit handelen er. Dette er heller ikkje eit Førde – Florø problem. Tilsvarande konsentrasjon av handelsnæringa skjer over heile landet, til glede for dei som eig kjøpesentra og til skade for lokalsamfunn. I langt større grad enn folk flest tenkjer over, representerer også denne valfarten til kjøpesentra ei miljøbelastning som det er viktig å redusere!

Florø mc klubb invitere ny og gamle medlem til bilde fra klubben

Florø mc klubb vill invitere ny og gamle motorintriserte fredag kl:19.00.
til bild fra klubb og treff.
Aslak holmen vill vise bilder fra treff og klubben. og dreikke litt kaffe og chips.
Og ta en prateom motor og miløet vårt.
Det går lokal buss til førde inn og ut at om kvelden. Bussen går 19.00 fra bustasjonen innover.
Det er mer info på nett: florø mc klubb