Viser arkivet for august, 2009

Svanøya 29aug 09

Den raudgrønne regjeringa er elevane sin beste venn!

Eg er stolt over kva regjeringa har gjort i skulepolitikken. Vi har styrka kommunane med over 30 milliarder, noko som har ført til over 4000 nye ansatte i skulen. Vi har innført gratis læremidler, og frå skulestart i år har elle elevar i den vidaregåande skulen gratis skulebøker. Vi har styrka lærarutdanninga og brukt rekordstore beløp på etterutdanning for lærarar. Aldri har skulebygg vore prioritert høgare, eksempelvis Flora VGS som er vedtatt opprusta for 100 millionar. Aldri har det vore like stort fokus på betre rådgivningstjeneste. Resultata på internasjonale testar vert stadig betre – vi er ikkje best endå, men pilene peikar oppover. No vil vi meir, difor treng vi ingen pause, men fortsatt raudgrønt fleirtall etter valet den 14 september!

Mathias Stang, Leiar Flora AUF

• Det var tårer og fortviling i 3. klasse på Torvmyrane skule onsdag, då Simon (9) frå Eritrea tok farvel med klassekameratane. • www.firdaposten.no

Oppmoding om støtte til Kystvegen og 45-minuttsregionen

21.-22. august var medlemer frå Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti samla til Kalvågsamling. Hovudtema var 45-minuttsregionen og aktuelle samarbeidsområde. Ein vedtok å sende ein uttale til fylkestingsgruppa i Sogn og Fjordane Arbeidarparti med oppmoding om støtte til Kystvegen:

Til

Sogn og Fjordane Arbeidarparti
v/ Fylkestingsgruppa

Oppmoding om støtte til Kystvegen og 45-minuttsregionen

Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti set pris på engasjementet Sogn og Fjordane Arbeidarparti har vist for Kystvegen. Men vi ber om endå meir konkretisering og tydelegheit frå fylkestingsgruppa til Sogn og Fjordane Arbeidarparti når det gjeld støtte til realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen.

Lokallaga ser med uro på aukande arbeidsløyse og fråflytting langs kysten av Sogn og Fjordane. For å snu denne negative utviklinga er gode kommunikasjonar ein viktig nøkkel. Vi viser til prosjekt kysten som vart initiert av fylkesutvalet på starten av nittitalet. I forarbeidet til høyringsdokument frå juni 1991 vart det gjort framskrivingsprognosar frå 1990 til 2015. Faktiske tal i dag viser at vi har ei sterkare og meir negativ utvikling enn det her vart føresett, vi er faktisk 5-6 år tidligare ute i høve negativ folketalsutvikling.

Ved ei realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen vil ein få utvikla ein utvida bu- og arbeidsmarknadsregion i området samt skape betre mobilitet i næringslivet og legge til rette for utvikling av uforløyste næringspotensial.
Når ein ser på naboregionane våre i nord og sør, så har dei gode forbindelsar langs kysten, og også vekst i næringsliv og innbyggjartal. Vi viser elles til konklusjonane i rapporten ”Sluttrapport for etablering av 45-minuttsregionen”, som næringsutviklingsselskapa i Flora, Bremanger og Vågsøy har utarbeidd.

Det er positivt at stortingspolitikarar engasjerer seg for Kystvegen, men det er ikkje store ord frå dei som er avgjerande for om vegen vert bygd eller ikkje. Det som er relevant er kva fylkespolitikarane i dei enkelte partia meiner, sidan det er dei som skal prioritere løyvingane frå fylket i handlingsprogrammet for fylkesvegnettet.

Arbeidarpartiet har eit slagord no ved valet som seier at ”alle skal med”, vi som bur på kysten ynskjer òg å vere med og få dei same moglegheitene som andre kystregionar i Noreg.

Vi ber derfor om følgjande:

  • At fylkestingsgruppa til Sogn og Fjordane Arbeidarparti gir støtte til raskast mogleg realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen
  • Støtte til dei prinsippvedtaka kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy har bedt fylkeskommunen om i høve brukarfinansiering, regionbyggingspakke, bruk av ferjeavløysingsmidlar og oppstart av plan- arbeid i høve 45-minuttsregionen. Brev datert 11.05.09 vedlagt her
  • At fylkespartiet set seg i førarsetet og sørgjer for ekstraordinære tiltak i høve samferdsle samt tilslutning blant dei andre partia fylket som fører fram til ei rask realisering av kystvegen og 45-minuttsregionen

Kalvåg 22.08.09

Med helsing

Flora Arbeidarparti v/ leiar Jan Helge Dale
Bremanger Arbeidarparti v/ leiar Aina A. Førde
Vågsøy Arbeidarparti v/ leiar Kristin Maurstad

Betre for gründarar

Innlegg av Fornyingsminister og 1. kandidat for SV, Heidi Grande Røys.

For ganske nøyaktig fire år sidan sat eg på eit valmøte i Bremanger og lova auka satsing på gründarar. Ole Stenbakk meinar i avisinnlegg som eigentleg er stila til Ingrid Heggø (!) at vi ikkje har gjort det eg lova. No klarer Ingrid å svare for seg sjølv, men eg vil gjerne kommentere Stenbakk sine påstandar som gjeld meg.

Eg er enno utolmodig for gründarar, og ynskjer å stå på vidare, men eg meiner Ole Stenbakk tar feil, og at vi har gjort det som vart lova:

- Vi har styrka Innovasjon Noreg monaleg. Innovasjon Noreg gir støtte til gründerverksemder, mellom anna ordninga med det viktige etablerarstipendet for dei som ynskjer å starte for seg sjølv.

- Regjeringa gir sjølvstendig næringsdrivande rett til foreldrepengar med 100 prosent av inntektsgrunnlaget frå 1. juli 2008. Det vil sei at folk som har starta si eiga verksemd, ikkje misser inntekter i ein periode kor dei ynskjer å vere heime med barnet.

- Vi har gjennomført ei historisk satsing på breiband. Den har komme både privatpersonar og små verksemder til nytte, særleg dei som er lokalisert i distrikta.

I tillegg har vi òg betra rammevilkåra for mange gründarar og små verksemder ved at gründarar med små formuar no slepp å betale formuesskatt. No kan ein ha skattbar formue på opp til 470.000 kroner før ein treng å betale formuesskatt. Vi har òg redusert byråkratiet for ei rekke gründarar og små verksemder gjennom at fleire no fyller ut skjema på nett. Slik skal ein sleppe dobbeltrapportering, dvs. å fylle ut same informasjon til det offentlege to gongar.

Framover ynskjer SV å halde fram med å stå på for gründarar. Det er tre ting som er viktig for oss i ei eventuell Soria Moria II: For å gjere det enklare å starte verksemd må det offentlege kunne tilby god rådgiving. SV meinar verksemder med berre éin tilsett i ei oppstartsfase bør kunne verte tilbydd å få rekneskap og revisjon utført via ein offentleg etat til sjølvkost.

SV vil vere garantisten for ein god velferdsstat, med gode sosiale ordningar, låg arbeidsløyse og støtte til næringsutvikling, som gjer at fleire tør å satse på det ein trur på. I tillegg vil vi ha betre avskrivingsreglar for å gjere det lettare for næringslivet å modernisere produksjonen sin.

Hekseåsen

20.06.2005

På en av mange turer i Lithauen kom vi over en park som jeg syntes var meget spesiell. I en ås som var på størrelse med Storåsen var det en rekke gruslagte stier som gikk over alt. Langs med stiene var det utskjærte figurer i tre. Figurene var for det meste fra Lithauisk mytologi som til mine store forbauselse var lik den norønne mytologien. Det var også en tekst ved hver figur som fortalte historia om den.
Hva med om vi kunne lage noe lignende i Storåsen? En del an stiene har vi allerede og når skytebanen er historie så har vi hele åsen å boltre oss i. Dette er et prosjekt som kan begynne i det små og øke etter hvert som flere figurer kommer på plass. Ypperlig for guidede turer med en god historieforteller. Siden vi ikke er langt fra Hornellen, må det jo også være plass til hekser der.
Dette måtte være en flott plass for kunstnere som vil prøve noe nytt. Parkeringplass har vi ved ungdomsskolen og kanskje det etter vært vil bli en plass til en kiosk der om sommeren. Se bildene.

rk 02v

rk 03h

rk 07h

rk 05v

rk 12v

rk 15v

rk 09h

rk 10v

20.06.2005

  • Bilde 066 — ..også ut mot havet
  • Bilde 064 — Ut mot havet

God distriktspolitikk gjev resultat

Folketalet i Sogn og Fjordane har i første halvår 2009 hatt ei gledeleg auke med 337 personar. Det forsterkar ei utvikling vi har sett dei siste åra.

Medan vi i åra 2003 – 2006 hadde ein reduksjon av folktalet på over tusen personar i fylket, har vi etter 2006 fått ei auke på sekshundre personar. Dette er viktig for eit fylket med berre litt over hundre tusen innbyggjarar.

Tala syner at ei satsing på å ta heile landet i bruk, uavhengig av gode eller dårlege tider, gjev arbeidsplassar og framtidstru i eit fylke som Sogn og Fjordane. Dette syner og at det motsette skjer dersom dei som styrer ikkje har ei bevisst haldning til dette.

Det er såleis ikkje likegyldig kven som sit i regjeringskontora. Det må vere parti som er opptekne av å ta heile landet i bruk. Det gjev vekst og livskraft i grender og bygdebyar, og det reduserer pressutfordringane i storbyane.

Dette er Senterpartiet sitt viktigaste varemerke, og det blir følgt opp når vi sit i regjering.

Dette er utviklinga i fylket: 2003 -28, 2004 -213, 2005 -382, 2006 -456, 2007 +65, 2008 +198, 1. halvår 2009 +327 personar. (Kilde SSB)

Korleis få alle med.

Dei som set nedast ved bordet i samfunnet er fortsatt dei som sliter.Det er dei sterkaste av oss dei med psykiske plager, rus og vansker med å tilpassa seg systemene,reglene og alle lovene.

Det at politikar og ekspertgrupper i samfunnet stigmatiserer grupper og personer som ikkje tilpasser seg samfunnet dei har skapt -har vore i alle tider.Vi blir pressa gjennom eit system på mange måter,der vi slår kvarandre i hovude med sprikande meiningar og krav om den einaste sanning-noko som ikkje finnes.
Samfunnet vårt er basert på produksjon etter modellen frå industrien.På mange måter er den skap med frykt og har difor holdt samfunnet sammen med makt.
Vårt samfunn er basert på produksjon ikkje på fridom til å velja.Ein del er bra ,ein del kunne vi godt vera for utan.
Det som kansje ser ut til å ha størst negativ virking-er den forandringa som heile tiden skal gå fortare og fortare.
Reslutatet er at vi har fått mykkje rikdom som har gått på bekostning av visdommen som er ofra på rikdommens alter.

ER DU IKKJE PRODUKTIV faller du utanfor-du er på ein måte ikkje interessan lenger.Dei logiske forklaringane er vanskelige å sjå då visdom og viten ikkje har høg bevissthet i vårt samfunn.
Det som vi ser som vegen framover -er på mange måter ein veg tilbake.Kansje det er det vi trenger for å oppdage kva vi er på leiting etter.
Dei psykiske sjukdommane vi ser i samfunnet i dag trur eg skyldes det nye samfunnet og evnen vi har til å tilpassa oss.
Det at dei som er eksperter på samfunnbygging ikkje har den evnen med kunnskap som skal til gjer oss sårbare.“VI BLIR PRØVEKANNINER”
Dette ser vi klårt i offentelig sektor.Vi høyrer om passivisering,frustasjon og forvirring helt frå virke i barnehagen,skule,ofte i arbeidslivet og til livets slutt.Alt er sett i system og blir detaljstyrt av regler og lover av eit stadig voksande byråkrati.Dette virker destruktivt og kjedelig på mange.

Det er lenge sidan vi har hat stabilitet i vårt samfunn anna en i produksjonen,men der og er det byrja å bli uro og svikt.Dette skaper “taparar” i samfunnet.

I barnehagane har pedagogikken overteke.Der skal den eine overgå den andre med moderande løysingar.Skulane har gjennomgått gjennomgripande forandringar med vekslande hell. Utdanningsreforma er landsert med store ord og visjoner,men det er lite satsing av dei som skal setja reforma ut i livet for å skape det nye samfunnet vi har forventningar til.Ofte er disse reformene blindgater som elever og lærarar må svi for og slik kan en fortsetja vidare til helsesektoren og andre offentelige etater og sektorer.

Det kan sjå ut som at samfunnet ikkje har forstått at om du ikkje lærer å mestrer deg sjølv,mestrer du heller ikkje ditt liv.
Så på mange måter har samfunnet teke frå oss evnen til å mestre ved at dei vil styre ditt liv.Samfunnet vil belære deg kva du skal mestre,men det som er viktig å læra bort er at eleven lærer å yte sitt beste.
På den måten finner eleven stadig nye ting han ikkje veit frå før.
Dette er læring til næring.
Vist 8 gonger. Vert fulgt av 1 person.
Aase L
for to timer siden Send tips
Skriv ut

Bærekraftig og økologisk oppdrett stod i fokus når Vestlandsstanden på Aqua Nor messa i Trondheim opna i dag

Knivsliping – viktig førebuing til laging av politisk fiskesuppe

Bærekraftig og økologisk oppdrett stod i fokus når Vestlandsstanden på Aqua Nor messa i Trondheim opna i dag, men smilet kom fram når fylkesordførarane Nils R. Sandal, Torill Selsvoll Nyborg og Olav Bratland serverte politisk fiskesuppe.

Statssekretær Vidar Ulriksen opna Vestlandsstanden under Aqua Nordmessa i Trondheim i dag. Under opninga hadde han eit innlegg om bærekraftig havbruksnæringa. Regjeringa arbeider kontinuerleg med å målrette forskrifter for å bekjempe lakselus, hindre rømming og betre transport av fisk mellom merd og slakteri. Dei har nyleg også lagt tilrette for ei betre verdiskaping i næringa ved å tilltate vekst i anlegga på 5% utover dagens volum (biomasse). Ulriksen la dessutan vekt på samarbeid med næring for å finne fram til dei beste bærekraftige prinsipp. Teknologidirektøren i Marin Harvest, Cato Lyngøy, sa det så enkelt “Bærkreaftig sameksistens med villaks er vinnarformel for næringa”. Sporing og dokumentasjon av råstoff som vert nytta til fôr var eit av tilhøva Per Gunnar Kvenset frå Villa Miljølaks drøfta når han presenterte økologiske metodar for lakseoppdrett. Dette vil sikre forbrukarane laks som er produsert av bærekraftig fiske og forvalta bestandar.

Høg steming vart det når fylkesordførarane i tre vestlandsfylke laga og serverte politisk fiskesuppe. Dei fekk også god hjelp av Vidar Ulriksen. På Vestlandet sin stand markerte Florø bedrifter seg sterkt, og utgjorde den største enkeltgruppe. Her er verdikjeda godt representert med Havlandet Forskningslabratorium, Slakteriet, Florø Mekaniske Verksted, Havsterk, Havdyrkerne, Bravo Seafood, A til Å, Norwell og Sunnfjord2020. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest er også tilstades med mange deltakarar.