Viser arkivet for januar, 2010

Søndag 31.01.10 kl 08.28

bruk av badet på Sjukeheimen

13 ÅR ETTER AT JEG SELV FANT MIN SYKE BESTEFAR INNLAGTBADETSJUKEHEIMEN, FORGÅR DETTE ENDA. HELT UTROLIG AT DET PRAKTISERES ENDA, HVA HAR DE ANSVARLIGE HOLDTMED DISSE ÅRENE SOM HAR GODTATT DETTESKAMMELIG….BRUKE 13 ÅR PÅ OG IKKE GREIE OG AVSKAFFE ELLER FINNE ALTERNATIVER. IKKE AKSEPTABELT AV DE ANSVARLIGE, ELENDIG UTFØRELSE AV ARBEIDET DE ER SATT TIL OG GJØRE. AV OG TIL SÅ ER DET BRA OG TESTE PRODUKTET, SÅ JEG FORESLÅR AT DE ANSVARLIGE LEGGER SEG INNDETTE ROMMET I EN MND OG TESTER HVORDAN DEN TILVÆRELSEN ER…TRENGER IKKE OG VÆRE PHYSKOLOG FOR OG SKJØNNE AT DETTE IKKE ER BRA FOR KROPP OG SJEL. TENK HVORDAN GAMLE SYKE MENNESKER LIGGER OG TENKER, DER DE LIGGER I VELFERDSNORGE….SKAMMELIGSKIKKELIG FORBANNA. JA JEG GREIN DEN DAGEN JEG SKULLE BESØKE MIN BESTEFAR OG FANT HANBADET…….

Ei kyrkje er borte i Hønefoss

Nokre hendingar gjer eit større inntrykk enn andre ting. For nokre få dagar sidan brann kyrkja i Hønefoss ned. Det var sterkt å sjå TV-bilda av kyrkjetårnet som datt ned til slutt. Så langt har eg oppfatta det slik at ein ikkje har grunnlag for å seie at kyrkja var påtent. Heldigvis.

Tenk om det var ”di” kyrkje eller ”mi” kyrkje som brann ned? Det ville nok kjennast sterkare. For sjølv om mange medlemmer av statskyrkja er i gudsteneste mest til jul og gravferder, så er kyrkja ein heilag stad med djupe tradisjonar for slekt og lokalsamfunn. Hendinga i Hønefoss gjorde eit sterkt inntrykk på meg, då mi opphavlege heimekyrkje er i samme fylke – nokre mil unna.

Litt før dette som skjedde i Hønefoss var det ein slags debatt i Bergen om kyrkjebrannar. Ein ”antikristen” musikar sa det var han ikkje tykte det var gale om nokon brenn ned kyrkjer. Deler av media elskar ytterpunkt i ein elles daglegdags kvardag, så dette vart slått stort opp. Her bør nemnast at 6. juni 1992 brann Fantoft stavkyrkje i Bergen ned til grunnen, truleg basert på påtenning.

Naturlegvis reagerte biskop Halvor Nordhaug på det ferske utspelet om kyrkjebrannar, og det frå ein person som visstnok skal inn på lønningslista til Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Sidan 1993 har dette teatret hatt status som nasjonalt teater. Det er altså ikkje tale om ei revyscene kor som helst, for å seie det slik. I regionavisa Firda hadde dei ei nettsak om Nordhaug sin reaksjon – der overskrifta var ”… har fått biskopen på nakken”, omtrent som om det var ei sinna eldre dame som slo med paraply. Ikkje påtrengande respektfull omtale av dei geistlege, kan ein seie.

Kva om ein norsk såkalla ”anti-islamist” hadde stått fram med synspunkt om at det var greitt å brenne ned bygningar med muslimske bønnerom? Den personen hadde blitt rekna som ekstremist og fått mest alle på nakken; kanskje og blitt politiovervåka. Og slike synspunkt er heilt uakseptable; det er forkasteleg å meir eller mindre legitimere grovt skadeverk eller verre ting mot religiøse bygningar. Men personen i Bergen-debatten blir i media omtala nærast som ein litt kuriøs kulturperson. Enda ein kjendis som barn og ungdom kan lese om, liksom. Toleranse for ulike meiningar er vel og bra, men det må det vere ein viss skilnad på rett og gale. Eg tykkjer det har gått for langt i vår tid med ”Dagbladet-toleranse” mot alt og alle. Biskop Nordhaug fortener ros for å ha vore så raskt ute og så klar i sin tale.

Ingvar Torsvik Myrvollen
Eikefjord

Kor langt skal lojliteten til styre i HF gå?

Er lojaliteten for styre i HF gått for langt og er det ein bremsekloss for vidare utvikling for helsetjenestane i S&FJ?

I disse dager kan vi lesa om korleis det går når ingen tek ansvar i ein sektor der dei fleste av oss stola på hadde høg integritet og ansvarskjensle.Politikarane har overlete ansvaret til styrer som tenker økonomisk vinning og pyramidebygging.Det har vore lite tanke for dei som er taparane i systemet. Det er det- direktører og spesialistane foreskriver som er forsvarlig behandling i dagens samfunn.
Helseansatte har verso god å vera lojale og det mot ein arbeidsgjever som ikkje kjenner noko som helst ansvar eller forplikting tilbake.Parolen frå styre er bruk og kast og eit spark bak.Kven skal vi vera lojale mot er og vanskelig å definere i dagens helsesystem.Vi veit berre kor pengane kommer frå.

Sogn og FJ må snu helsepyramiden.

.Behandlingspraksesen i sjukehusa har som vi alle veit endra seg radikalt dei seinare åra og tilbuda til dei sjuke eldre,psykisk sjuke,rus og mennesker med kroniske sjukdommer har vorte dårlegare.
Innleggingar skjer akutt og ofte uplanlagt,utskrivingar frå sjukehusa gjennom føres utan nødvendig oppfyljing er planlagt.Stykkprisfinansieringa og kjappe inn og utskrivingar,lite sammarbeid ,svikter disse gruppene.

Her er det den nye samhandlingsreforma kommer inn,men har kommunane kompetanse og godt nok sammarbeid mellon profesjonane til å kunne ta dette ansvaret?
Kommunen har i mange år også motteke nye store grupper/brukarar med store behov livet ut.Teknologiens nyvinningar og endra behandlingsreformer,effektiviseringa av sjukehusa har overført stadig større oppgåver til kommunane.Samstundig har hjelpeapperatet ikkje fylgt dette opp.
Spesialhelsetjeneser der i mot, har auka med rakett fart siden 90 talet.Så her er det oppstått eit misforhold der presset og økonomien har gått til oppbygging av spesialhelsetjenester utan tanke på dei som i røynda treng helsetjenester i nærleiken av der dei bur.
Her har styre i HF vore urikkeleg med liten vilje og forståing til å lytta til andre en seg sjølve .
Når vi ser tilbake på kva det har kosta folk i fylke må ein ha lov til å spyrja om dette har vore riktig over for brukarane av tjenestane..
Endå ser ein ikkje at kommunane på lenge,har kapasitet og kompetanse til å ta over det ansvaret denne samhandlingsreforma krever
Og når vi høyrer at den nye helse-og omsorgsministeren ikkje vil meine noko om kva tjenester lokalsjukehusa skal inneholde ,blir ein meir en betenkt over kven som styrer helseforetakene i landet vårt.
Politikarane er heilt fråverande endå mange spør seg om kortid sjukehusvesenet i fylke ligg i grøftea.

I dag gjekk styre ut og ba om meir penger og fekk nei frå Helse Vest som etter kvart har forstått at noko er riv ruskande gale når det gjelder styringa av økonomien til styre i HF.
Det vi trenger no ,er ein storsatsing på primærhelstjenesta i fylke,kompetanse og kapasiteten må opp og grunnmurane må styrkast.Det vil gje større helsegevingst for pasejentane samstundeg som det gjev kostnadseffekt,men då må det inn meir kompetanse og ressurser.
Den allmennmedisinske arbeide må prioriterast høgare,slik at tilgangen på legetjenester til sjuke og pleietrengande blir betre og ligg i nærmeljøet.
Aase L

Gratis TurTips på SMS kvar fredag! Send TUR til 26112.

TurTips er ein SMS teneste som er heilt gratis for deg! Kvar fredag sender vi ein SMS med eit TurTips til alle som har meldt seg på. Send TUR til 26112 no å kom deg ut av sofaen med våre TurTips!

Kvar veke velger vi ein stad langs kysten av Sogn og Fjordane, Fjordkysten!

For meir info sjå på FjordKysten.no !

NRK Sogn og Fjordane vel sentrum venstre til sitt panel

”Fredagspanelet” er personar redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane meiner er interessante for å kommentere aktuelle hendingar og oppsummere veka som er gått. Det er eit spanande tiltak og har ved fleire høve fungert godt – i ein stort sett bra distriktskanal som m.a. hadde valsendingar med høg kvalitet i fjor haust.

Men rekrutteringa til ”Fredagspanelet” har utvikla seg skeivt. I byrjinga nytta ein journalistar frå andre medium rundt i fylket samt samfunnsdebattantar som slår i fleire retningar som den frittalande Ap-mannen Georg Arnestad osb. Men dei siste vekene har det vore ”klyppekort” for Kristine Timberlid (SV-politikar), Brigt Samdal (Ap-politikar), så kom Henning Rivedal (radikal informasjonssjef); før det andre tidlegare eller noverande SV-politikarar – og/el. ektefelle. Ein burde kanskje for moro skuld ha ført arkiv på dette, men det finst viktigare ting å halde på med.

NRK er ei statleg verksemd som alle med TV i Norge betaler utgiftene til – anten me vil eller ei. Difor har det vore eit prinsipp at NRK skal prøve å vere nokolunde politisk nøytrale. Me får til ein viss grad leve med at dette ikkje har vist seg så lett å leve opp til i praksis, jamfør t.d. at Gro Holm då ho var nyhendedirektør i NRK sa frå offentleg at ho håpte på raudgrøn valsiger for nokre år sidan, berre for å nemne ein ting. Dei fleste NRK-toppsjefane har jo vore retrettstillingar for nyleg ”avgåtte” Ap-politikarar og.

Men eg vil oppmode NRK Sogn og Fjordane om å ikkje gå i forsvarsposisjon med ein gong, men få auga opp for at 38 % av dei som røysta ved Stortingsvalet i 2009 i Sogn og Fjordane røysta mot at Det Kongelege Norske Arbeidarparti, Sosialistisk Venstreparti og det ny-radikale Senterpartiet skulle få halde fram med si regjering. I landet elles var prosenttalet som røysta slik høgare. Det finst blå lokalpolitikarar i ALLE 26 kommunestyra i fylket. Dersom ein ser seg litt vidare rundt, kanskje ein finn einkvan – innimellom dei ein er van med å bruke – som ikkje er på venstresida … Eg ønskjer lisensfinansierte NRK lykke til!

Beste helsing
Ingvar Torsvik Myrvollen
Lisensbetalar frå Eikefjord

Framtidsfylket Sogn og Fjordane inviterar til messer i Oslo Trondheim og Bergen

Det finnast mange spennande jobbar i Sogn og Fjordane. Bli kjend med næringslivet og offentlege arbeidsgjevarar på våre egne karrieremesser i Oslo (1.februar), Trondheim (11. februar) og Bergen (16. februar). Bur du i ein av desse byane: meld deg på. Eller har du barn, venner, slektninger som bur der, inviter dei.
Kvelden blir ein fin blanding av informasjon, spennande stands, underhaldning og god mat (og det er gratis).
Meir info og påmelding på Framtidsfylket
PS der finner du også meir om ledige jobbar i Sogn og Fjordane, blogginnlegg, nyheiter osv.

Bidra til utflyttergave!

Utflyttere :
Snart er tiden inne og den 15.mai / 16. Mai 2010 møtes vi for å feire byen vår – og gratulere med de 150 år.—Og vi må ha med oss en kvalitets gave denne gangen også. ( Følg med på hjemmesiden Florø 150 år ang program. Se også store overskrifter i FB etter nyttår.) Vi handler ut fra oppsatt framdrift, i god dialog med ordfører/jubileumskomite. Den selvoppnevnte gavekomiteen har landet på: Å få laget en en meter bronsestatue av ”Sildegutten”! Det begynner å haste med bestilling og kontrakt! Vil DU være med? Vi tenker oss en minstesum på 300 kr. pr utflytter, men du kan bidra ut fra egen lommebok, selvfølgelig. Kontonr: 3790.14.86868.Kostnader må vi initiativtakere garantere for, altså en økonomisk sjanse for oss å ta! Men vi tror at mange utflyttere har lyst å være med på dette spleiselaget! ( Alle givere med mailadresse får sluttregnskapet tilsendt.) En gang i mnd står navnet på giverne i Firdaposten.Vi er i dialog med ordfører i Florø og 150-årskomiteen ang gaven. Følg med på hjemmesiden til Florø 150 år! Den er flott! Vær snill: Spre dette budskapet til DINE utflyttervenner. Henvend deg evt.til : Thor A Johannessen tlf 48005696 thorasg@broadpark.no. eller Vigdis Kittang Ramstad tlf.97764515. rektorvigdis@hotmail.com;