Viser arkivet for januar, 2011

Norge må anerkjenne Palestina!

Det er til no 109 land som har anerkjent Palestina som eigen stat. Raudt Høyanger meiner det er på høg tid at Norge gjer det same.
Norge må anerkjenne dei palestinske områda, innanfor dei grensene som FN fastsette i 1967, som ein fri og sjølvstendig stat.
Palestinarane sit att med 12 % av det landområdet dei ein gong hadde. Staten Israel syner ingen respekt for dei resolusjonane som FN har vedtatt og fører ein aggressiv busettingspolitikk i palestinske område. Dei har kontroll med nesten 80% av vassressursane og stengjer mange palestinarar ute frå deira eigne område ved å blokkere vegar og setje opp kontrollpostar. Palestinarar blir dagleg utsette for trakassering, og palestinske politikarar blir sette i fengsel. I tillegg kjem den israelske blokaden av Gaza, som er heilt uakseptabel både politisk og humanitært.
Raudt Høyanger meiner Norge har eit særleg ansvar for å anerkjenne Palestina som eigen stat. I 1993 spela Norge rolla som meklar mellom staten Israel og palestinarane, og vi fekk Oslo-avtalen. Etter Oslo-avtalen tidleg på 90-talet, har palestinarane mist nye 10% av landområdet sitt. Den gong var det om lag 120.000 busetjarar på palestinsk område. No er dette auka til om lag 570.000. Staten Israel har oppretta meir enn 500 kontrollpostar og bygd ein 700 km lang mur gjennom palestinske område utan at verda har protestert! Mange palestinarar må stå opp midt på natta, slik at dei rekk å kome seg på arbeid i tide etter å ha venta i timesvis ved kontrollpostar.
Det einaste som nyttar overfor staten Israel er politisk press. Dei kan ikkje få lov til å ture fram som dei vil utan at verda reagerer!
Raudt protesterer mot staten Israel sin politikk. Som eit steg på vegen oppfordrar vi til forbrukar-boikott av israelske varer, og vi krev at Norge gjer som 109 andre land, anerkjenner Palestina som eigen stat!

Årsmøte-fråsegn frå Raudt Høyanger

Einar Rysjedal, leiar

Norge må anerkjenne Palestina!

Det er til no 109 land som har anerkjent Palestina som eigen stat. Raudt Høyanger meiner det er på høg tid at Norge gjer det same.
Norge må anerkjenne dei palestinske områda, innanfor dei grensene som FN fastsette i 1967, som ein fri og sjølvstendig stat.
Palestinarane sit att med 12 % av det landområdet dei ein gong hadde. Staten Israel syner ingen respekt for dei resolusjonane som FN har vedtatt og fører ein aggressiv busettingspolitikk i palestinske område. Dei har kontroll med nesten 80% av vassressursane og stengjer mange palestinarar ute frå deira eigne område ved å blokkere vegar og setje opp kontrollpostar. Palestinarar blir dagleg utsette for trakassering, og palestinske politikarar blir sette i fengsel. I tillegg kjem den israelske blokaden av Gaza, som er heilt uakseptabel både politisk og humanitært.
Raudt Høyanger meiner Norge har eit særleg ansvar for å anerkjenne Palestina som eigen stat. I 1993 spela Norge rolla som meklar mellom staten Israel og palestinarane, og vi fekk Oslo-avtalen. Etter Oslo-avtalen tidleg på 90-talet, har palestinarane mist nye 10% av landområdet sitt. Den gong var det om lag 120.000 busetjarar på palestinsk område. No er dette auka til om lag 570.000. Staten Israel har oppretta meir enn 500 kontrollpostar og bygd ein 700 km lang mur gjennom palestinske område utan at verda har protestert! Mange palestinarar må stå opp midt på natta, slik at dei rekk å kome seg på arbeid i tide etter å ha venta i timesvis ved kontrollpostar.
Det einaste som nyttar overfor staten Israel er politisk press. Dei kan ikkje få lov til å ture fram som dei vil utan at verda reagerer!
Raudt protesterer mot staten Israel sin politikk. Som eit steg på vegen oppfordrar vi til forbrukar-boikott av israelske varer, og vi krev at Norge gjer som 109 andre land, anerkjenner Palestina som eigen stat!

Årsmøte-fråsegn frå Raudt Høyanger

Einar Rysjedal, leiar

Live-blogg frå MGP i Florø idrettssenter

Høyre inspirert av Florø!

I Firda torsdag 13. januar 2011 hadde Kjartan Aa Berge fra Gloppen Høgre et innlegg med tittelen: ”Nyskaping og utvikling – gjør som Florø”. Bakgrunnen er årets Nærings-NM hvor Flora kommune klatret til en 2. plass. I sin konklusjon skriver han: ”Fremtiden ligger i et fleksibelt og dynamisk næringsliv – hånd i hånd med et godt og velfungerende velferdstilbud. Det som har skjedd i Florø er et inspirerende eksempel på at det faktisk går an å snu seg rundt for å skape noe nytt!”
Det er verdt å merke seg at dette kommer fra en høyrepolitiker som tidligere var finansdirektør i Fjord1 Fylkesbaatane, og slik sett kjenner til næringslivet og næringslivssatsingen i Florø.
Når vi så hører argumentasjonen fra det lokale Høyre, spesielt fra fraksjonen rundt Jacob Nødseth og Bengt Solheim-Olsen, om at vi trenger ”et skifte”, så må en spørre seg: Hvorfor det?

Ingen skipstunnel ved Stad

Stad skipstunnel blir utgreidd for 17.gong, og prioritert i konkurranse med lokale vegprosjekt. I helga møtte statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri og kystdepartementet lokale partifeller i Kalvåg. Leiar i Vågsøy Arbeiderparti, Kristin Maurstad, sa rett ut det som mange føler. Når det gjeld kystoffensiven er dette ei vanskeleg sak for oss. Forstår ikkje 20 meter høge bølger
Hardt pressa Arbeiderpartifolk hadde nok håpa på positivt nytt i ei stor sak for Vestlandet. Men Vidar Ulriksen kunne ikkje kveike nytt håp hjå partifellene om å få fortgang i saka. Statssekretæren seier nye tal tidlegast er klare hausten 2011. For fyrste gong vedgår han også at tunnelen er tung å selge inn i regjeringskvartalet. Eg må vere så ærleg å seie at det ikkje er lett å få forståing for faren ved 20 meter høge bølger. Dei forstår det ikkje. Kva meinar du ?

Ny trend i araberlandene ?

Avsettingen av den totalitære presidenten i Tunisia har preget nyhetsbildet de siste dagene. Nå sprer uroen seg til andre araberland som Jordan og Libya. Intervjuer med innbyggerne fra disse landene er at de er lei totalitære statsledere i landene sine. Jeg synes dette er en god utvikling at innbyggerne nå gjør opprør for å bli kvitt sine korrupte diktatorer. I stedet for at landene går mot ytterligående islamisme kan det virke som om innbyggerne har fått øynene opp for demokrati og ytringsfrihet. Hvis araberverden utvikler seg i denne positive trend så er det håp for verdensfreden også. Hva synes du om det ?

Øyane og Florø i godt samspel

Florø by er ein grei by å bo i; med flotte arrangementer i løpet av året, så som Kinnaspelet, “Sildebordet”, nyttårstoget m.m. Noko negativt kan også nevnast: Det er ikkje like kjekt at det er bygd industri på dei fleste nes. Her kunne ein heller konsentrert industrien på områder som var mindre eigna til boliger, så som der det var unnasolt. Slik det vert gjort er det snart ikkje tomter igjen til einebustadar i Florø by. Dette har nok vore lite gjennomtenkt, men kanskje kan ein del folk etterkvart flytte til øyane?

Byen Florø er viktig for kommunen. Likevel må ein også innsjå at øyane har alltid vært og er framleis like viktig både for Florø by og for kommunen i sin heilheit.. Øyane repressenterer eit sterkt miljø, tradisjon og ulike typar ressursar på område som ein må fremma og ta vare på, no og i framtida.
Ein må, mellom anna, legge til rette for dei som ynskjer å satse og bu i øyane. Blant anna nytter det ikkje å redusere båtrutene/kollektivtrafikken som går mellom øyane og Florø by.
Med den unike, fantastiske naturen og miljøet vi har i øyane, repressenterer øyane det største og kanskje det einaste potensialet for folk som ynskjer spesielle opplevingar som turister i denne kommunen, eller som nye innbyggjarar med nærleik til storslått natur der dei velgjer å bu.

For Florøs befolkning er det også vesentlig å forstå kva for eit potensiale av rekreasjon, naturgleder, tur og fiskemuligheter som finnast ute i øyane; men også tomteland.
Dersom vi ikkje går inn for reduksjon, men heller forbedrer rutetilbudet for båtane mellom øyane, då vil turismen auke og sakte, men sikkert vil også fleire kunne velge å bu og bygge nytt i øyane.

“Folk treng hus og hus treng folk” vert det sagt, men her er også gode kommunikasjonssystemer like viktig. I dagens samfunn er dette like viktig for øyanes befolkning som for alle andre!
Har ein eit godt rutetilbud bedrast kvardagen på mange områder. Det gir trygghet, frihet og fremmer nye satsingsmuligheter. Det blir leveleg i øyane med god kommunikasjon og ikkje minst vil Flora kommune ha utbytte og gevinst av dette, både på kort og lang sikt. Vi som bur i øyane no stortrives med å bu her, men ynskjer turistar og nye fastbuande velkommen!

Politisk svindel !

- Det vil være politisk svindel dersom regjeringen følger Kystverkets anbefaling om å dekke til 60 tonn med kvikksølv fra ubåten U-864 i havet utenfor Fedje i Hordaland, sier stortingsrepresentant Arne Sortevik (FrP).Kystverket la i dag frem sin rapport om hva man mener bør skje med ubåten U-864. Rapporten anbefaler tildekking av giftlasten, til tross for politiske forsikringer og løfter gitt så sent som i mai i fjor fra både stats- og fiskeriministeren om at vraket skulle heves.
Tildekking er samme konklusjon som Kystverket kom til for mer enn fire år siden.
- Saken fremstår nå ikke bare som et narrespill, men som en gedigen politisk svindel. Her har man brukt mer enn fire år på tre utredningsrunder – og lander til slutt likevel på samme konklusjon som første gang, sier Sortevik, som er medlem av Stortingets transport- og kommunikasjonskomité. Hva synes du ?

Sant om båtrutesaka

I ein leiarartikkel i Firdaposten før jul, avslører redaktøren dårleg kunnskap om båtrutesaka. Og særleg KrF sin rolle i saka.
Faktum er at det var KrF ved underteikna som først stilte spørsmål ved kvifor kommunane fekk så ulikt i tilskot til lokale båtruter, og som ba om at Hovedutvalet for samferdsle vart meir orientert om daka. Orienteringa viste stor skilnad i båtrutetilbod, og i kva den enkelte kommune måtte betale i eigendel. Det hadde over tid vorte laga ulike avtalar mellom fylket og dei ulike kommunane. På initiativ frå utvalet vart det difor sett i gang eit arbeid for å få til eit meir rettferdig system, der fylket behadla kommunane mest mogeleg likt. Til det møtet der dette skulle drøftast, vart det berre to parti som hadde førebudd seg med framlegg. Det var Sp og KrF. Sp sin modell ville gitt urimeleg utslag, ma. for Florø, og vart derfor lagt vekk. Og vi gjekk vidare med KrF sitt framlegg, som er det rutesystemet som skal gjelde frå 2012, bygger på.
Etter kva eg kjenner til (men det kan vere feil), var det først etter dette at Florø kommune vart aktive i å kreve meir tilskot frå fylkeskommunen, samt tilbakebetalt for åra fram til vedtaket skal gjelde frå. Og korkje V, FrP, H eller Ap hadde framlegg til utbetring av systemet. Det er også verd å “ta til vitande” som redaktøren skriv.

Så KrF har altså ein stor del av æra for at dette vart ei sak, og for at det vart utarbeidd eit system som gjev Florø 5 mill meir i årleg tilskot til lokale båtruter.
Det er også rett å ta med at båtrutene i Flora har høg standard, påskunda av kommunen. Og fylkeskommunen har følgt opp med sin del av pengane heile vegen. Slik sett får Flora ein stor del av fylket sine båtrutetilskot, både etter gammal og ny ordning.

Det KrF var mot, var at vedtaket skulle gjevast tilbakeverkande kraft, og at fylkeskommunen skulle gje Flora og Gulen større tilskot før resten av vedtaket vart gjort gjeldande. Det er ei økonomisk prioritering fleirtalet av fylkestinget valde å gjere. Eller som redaktøren treffande seier; ei julegåve.

Er vi lutfattige ?

Nok en gang leser vi om en stor trafikkulykke som krever fem mennenskeliv. Hvorfor er ikke tilatk allerede satt inn for å unngå disse dødsulykkene ? Vi oppfører oss som vi er lut fattige. Hvis man sammenligner med Sverige, så bygde de 1700 km motorvei fra 1992 til 2007. I samme periode bygde vi 281 km. Dette handler om politisk vilje, det er dyrt å være fattig, som det heter. Bård Hoksrud(FrP) har selv mistet venner i trafikken, og bor ved E18. Han forteller at han flere ganger har vitne til trafikkulykker. Jeg har møtt pårørende etter mange ulykker. Det er veldig sterke møter. Da møter man folk som har mistet trua på oss politikere. Når de vet hvor lite som skal til for å redde liv, og vi i Norge har en visjon om null drepte og skadde på veiene, forstår de ikke hvorfor det ikke bygges fysiske skiller i veiene. Dessverre er det når ulykkene skjer at man får politisk ledelse i departementet til å svare. Hoksrud håper nå det kommer et kraftig løft på samferdsel i revidert statsbudsjett.
Jeg håper Regjeringen tar innover seg at man kan få store resultater for lite penger. Det å investere i veisikkerhet, gir enorme besparelser for samfunnet. Og ikke minst enorme sparte lidelser for enkeltmennesker. Regjeringen har ikke noe valg, nå må vi bruke noen av de ekstra milliardene vi får på grunn av høy oljepris. Dette er en investering vi gjør en gang, som vi vil høste i sparte liv, færre lidelser og mer penger i årene som kommer, sier Hoksrud(FrP). Hva mener du ?