Nytt år og nye mueligheterVi går inn i 2012 med mange utfordringer i bagasjen, først og fremst innen helse, økonomi, kommunikasjon/infrastruktur. Det lærte oss kva vi i røynda set pris på når livet blir satt på prøve.Vi oppdaga at gamle politiske stratigier ikkje lenger funger i vårt moderende samfunn, at vi må verta betre til å kvitta oss med fordommer og overdreven materialisme og ikkje minst egoet.Vi må fokusera sterkare på inividet i oss, spøyrja oss kva vi står for og vil for vår framtid. Ein mildare tone – men same melodiDet har vore mykje merksemd knytt til debatten i bystyret for ei veke sidan der enkeltpolitikarar meiner eg gjekk over streken i høve mine indirekte karakteristikkar av Ap sin kandidat til styret i Helse Førde HF, Bente Frøyen Steindal. I debatten valte eg å vere ekstra tydeleg på den framifrå kompetansen til Høgre sin kandidat Kjartan Olafsson. Superlativa sat laust. Rosen var omfram. Så slo eg heilt til slutt fast at Ap sin kandidat ikkje stettar desse høge kvalitetskriteria som eg legg til grunn at ein kandidat til eit så viktig styre som Helse Førde bør stette. Eg meiner at eg ikkje gjekk over terskelen for korleis ein bør formulere seg. Og eg hadde ikkje vorte klubba på Stortinget sin talarstol for mitt innlegg. Ein bystyrekollega sa til meg i møtet og gjentok det etter oppslaga i Firdaposten: «Det er berre fordi det er deg, Jacob at dette blir reagert på. Dei tolkar alt i verste meining.» Det siste let eg berre henge litt i lufta.
Jacob Nødseth er leiar av helse- og sosialutvalet i Flora kommune. Foto: K. Magnussen, Firda Sjølv om eg meiner at eg ikkje har handla i strid med noko reglement skal eg gå i meg sjølv og syte føre at eg tenker meg om fleire gonger før eg er klar og tydeleg i bystyret. Finne ein mildare tone. Som ein del av den politiske leiarskapen i kommunen er det og mitt ansvar. Eg er vand med å måtte heve røysta for å få gjennomslag i opposisjon. Det same behovet er der ikkje no lenger. For framtida skal eg freiste å vere litt mindre spiss og litt mindre klår, der dette ikkje er naudsynt. For dersom mitt mål om å sette politisk dagsorden skal drukne i kritikk knytt til forma – så oppnår eg ikkje det eg vil. Dersom gode politiske vedtak etter lange politiske prosessar og hardt arbeid, skal drukne i støyen frå slike saker, så er det uheldig i høve det vi vil oppnå: At folk ser at vi gradvis får kommunen på rett kjøl igjen. Avslutningsvis vil eg presisere at det som blir framstilt som usakleg kritikk av personen Bente Frøyen Steindal frå underteikna ikkje var slik meint frå mi side på generelt grunnlag. Åge Larsen (Ap) nytta høve til å ta replikk på mitt innlegg i bystyret og seie at eks-ordføraren har arbeidd godt med Kystveg-prosjektet og at dette kvalifiserer ho til vervet i Helse Førde. Eg er samd med Larsen si vurdering i høve Steindal sitt store engasjement og positive innsats for Kystvegen. Men denne saka dreier seg ikkje om Kystvegen. Den dreier seg om spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane i heilskap og det dreier seg om kven som er best skikka til å gjennom dialog med den øvrige myndigheita i Helse Førde, sikre framtidsretta løysningar også i Florø. Det er mi meining at Ap sin kandidat ikkje kan vise til gode resultat etter mange år som kommunen sin fremste politiske leiar kva gjeld samarbeid om Florø Sjukehus m.v. Det er det eg bygde mitt standpunkt på. Som handlar om manglande oppnådde resultat. Det må det vere lov å meine. Og det er det mi plikt som helse- og sosialutvalleiar å sørge for at bystyret kjenner den potensielle rekkevidda av sine vedtak i høve slike saker. Eg er ein engasjert politikar og det er nettopp difor eg er politikar. Og av og til boblar dette engasjementet over i utprega tydeleg tale. For framtida skal eg gjere mitt beste for å unngå å vere unødvendig spissa. Og eg skal gjere mitt beste for å tydeleggjere at politikk dreier seg om sakleg meiningsbryting – og at vi har ein så gemyttleg tone som mogleg mellom politikarar. Eg skal prøve å finne ein mildare tone – men melodien skal framleis vere den same. Urørt natur. Fornybar energi. Arbeidsplasser. Inntekter. Alt på en gang.Mer bærekraftig fornybar energi, fortsatt urørt natur samt inntekter til kommunen og arbeidsplasser og aktivitet i utkantene. Er det mulig å få til alt på en gang? Om det er mulig å få til i Flora er jeg litt usikker på, det vil kreve samarbeid som igjen krever at indre stridigheter og “takk for sist”-tenkningen legges til side. Bremanger har jeg mer tro på, der har de vert gjennom en smertefull prosess før og vet hva det koster å blindt følge folk som tar i bruk verdens mest utbredte metode for friksjonsfri saksbehandling og god gli. Se for deg en jordklode dekket av vindturbiner. Hvor bærekraftig er dette? Hvor kommer menneskene inn i bildet? Regnskogen, dyrene, fuglene, plantene. Hvor er de? Se så for deg en jordklode dekket av urørt natur. Regnskogen, dyrene, fuglene, plantene. Hvor bærekraftig er dette? Hvor kommer menneskene inn i bildet? Hvor er de? For meg er det åpenbart hva som skal til for å løse verdens klimaproblemer. Naturen selv slår tilbake når det blir for stor ubalanse. Naturen – i form av jordskjelv, tsunamier, orkaner og epidemier – er i ferd med å gjøre det den kan for å bringe tilbake balansen i naturen. I den forbindelse kan jeg varmt anbefale boka Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug. Jeg er klar over hans politiske ståsted, men jeg er etterhvert kommet til at det eneste som virkelig duger er at naturen får ta tilbake det den behøver for fortsatt å være bærekraftig. Det riktige å gjøre for å løse verdens klimaproblemer er ikke å rasere urørt natur. Det riktige er å leve i pakt med naturen. Vi er allerede 7 mrd mennesker på denne kloden. For oss som ikke tror på skremselspropagandaen om at det til neste år omtrent på denne tid vil skje en verdensomspennende naturkatastrofe som utraderer de aller fleste av oss og alle de industrielle avtrykkene vi har etterlatt oss, så er det utopi å tro at vi kan få tilbake en jordklode som kun består av urørt natur. Da er den nest beste løsningen å ta ut energien som fins inne i jorda. Bare på den måten kan vi leve i pakt med naturen oppå jorda, og potensialet for energiproduksjon er flere millioner ganger verdens samlede årlige enegiforbruk. Det skulle bety at selv om vi forsyner hele kloden med fornybar energi som dekker det årlige behovet både en og to ganger vil det fremdeles være god plass til både mennesker og dyr – og urørt natur. En av punktene jeg har merket meg fra COP17 er henstilling til rike land om å utvikle og dele teknologi for bærekraftig produksjon av fornybar energi med fattige land. Vindturbiner som krever at vi raserer urørt natur har ingen plass i dette bildet. Det har imidlertig geotermisk energi. Dette er bærekraftig fornybar energi som ikke er avhengig av at vi raserer mer urørt natur enn vi allerede har gjort, og som for øyeblikket skriker etter mer forskning og flere fagfolk. i mellomtiden kan vi sørge for å utnytte alle mulighetene for reduksjon av forbruk som er mulig med det vi allerede kan, som utskifting av gamle vannturbiner og ENØK. En slik utvikling står ikke i motstrid til en økt satsing på og tilrettelegging for grunneiere i utkantene som f.eks vil satse på økoturisme. Veier som kan gjøre det lettere for rullestolbrukere og folk med barnevogn å komme seg ut i naturen kan vi bygge uten å ødelegge naturen de er kommet for å nyte. Det er heller ikke noe i veien for at vi kan sette opp en varmestue uten å måtte sette opp vindturbiner i tillegg. Det er til og med mulig at vi kan få måkt parkeringsplassene rundt om i kommunene uten å måtte sette opp vindturbiner forr å få det til. Det er bare fantasien som setter grenser for hva vi kan utrette uten å ødelegge naturen – alt er bare avhengig av at viljen og evnen til å satse er tilstede. Det krever samarbeid og det krever kapital. Begge deler bør være mulig å få til i dette landet som har verdens beste forutsetninger for å lykkes. Mer bærekraftig fornybar energi, fortsatt urørt natur samt inntekter til kommunen og arbeidsplasser og aktivitet i utkantene. Ja, det er mulig å få til alt på en gang. Bare vi ønsker det sterkt nok. Til Bremangerpolitikarar og grunneigarar! 13.12.2011De står overfor ei svært alvorleg avgjersle, når de skal seie ja eller nei til Vindkraft utbygging i Bremanger. Ha Terra-saka friskt i minne, og ikkje la dykk lure av utspekulerte utbyggarar som seier og gjer kva som helst for å få dette i gjennom. Dei veit godt at dei må ”smi mens jernet er varmt”, det er ikkje mange år til at eit slikt forslag kan sjå langt etter eit ”ja” frå kommunestyremøtet. Litt god gammaldags ”bonde-skepsis” kan komme godt med her. Vindkraftutbyggarane har det travelt med å få godkjent anlegga sine på vestlandet, før ulempar og alvorlege konsekvensar blir allmenn viten. Det ironiske med den planlagde vindkraftutbygginga er, er at ein byggjer ut for å produsere miljøvennleg fornybar energi, men alle som er i mot er stort sett miljøvernorganisasjonar og den miljøbeviste del av befolkninga. Kva er det som gjer at nokon er positive til slike dramatiske inngrep i eit område som er klassifisert til ”stor regional verdi”? Og kvifor ikkje bruke pengar og ressursar på å effektivisere dei vasskraftverka og linjene vil allereie har. Siemens og Bellona har bevist at vi kan Men problemet med effektivisering av eksisterande vasskraftverk er at det ikkje gjev meir pengar i kassa til ”grådige” grunneigarar, utbyggarar og kommunar. Og dei ekstra kronene er vel også den einaste grunnen til at nokon kan vere for slike inngrep. Er det verd det? Husk også at de som seier ja til dette må for alltid stå til ansvar for kva de har gjort. Husk at det er de som har all skuld når vi i framtida seier ”dette skulle vi aldri ha gjort!”. Vi kan ikkje skulde utbyggarane, dei har fått ja frå grunneigarar og politikarar. På same måte som Terra-meglarane fekk signatur på sitt papir. Kva følgjer kan dette få for komande generasjon? Bremanger Kommune har stadig forsøk på å få utflytta Bremangarar tilbake til kommunen. Eg kan for min eigen del seie at ei vindkraftutbygging lokkar ikkje meg heim, heller tvert imot. Ein set også store ”kjeppar i hjula” for vidare utvikling av det som kanskje er Bremanger sitt største produkt i framtida, nemleg naturen. Eg kan ikkje sjå føre meg ei einaste næring i framtida som kan nyte godt av eit fjell pepra av vindmøller. Som NRK journalisten påpeikar i klippet frå Ut i Naturen(sjå adresse under), vil kanskje inntekter frå framtidig øko-turisme kome lokalbefolkninga minst like mykje til gode som inntektene frå vindmøllene. Sjølv om øko-turisme ikkje gjev dei store inntektene i Bremanger endå, sørgjer enn i allefall, ved å gå inn for vindkraft, at komande generasjonar heller ikkje vil kunne starte opp med slik næring. Husk også at OljeNoreg i dei fleste samanhengar er skrytt opp i skyene når vi snakkar om teknologi og kompetanse. Likevel vel ein no ei svært primitive løysingar, i jakta på ny fornybar energi. I mine auge er det svært lite miljøvennleg å øydelegge slike naturområder for å produsere meir fornybar energi, samtidig som alle våre eksisterande vasskraftverk kunne vore utnytta langt betre. På same måte med Hardangermastene. Ikkje fortel meg at vi ikkje kunne lagt kabelen i fjorden, vi har både pengane og teknologien som skal til. Noreg har nyleg bygd verdas lengste og mest kompliserte rørledning på havbotnen, 1300 km frå Aukra i Noreg til Easington i England, gjennom svært vanskeleg terreng. Så når ein no vel primitive løysingar for både Bremanger og Hardanger, der ein utset naturen for alvorlege inngrep, er det ikkje mangel på teknologi som er problemet. Men mangel på vilje til å investere i løysingar som produserar fornybar energi og samtidig skånar naturen. Er det rett at vi skal ofre vår unike kyst for å forsyne Europa med energi. Eg trur vi skal sjå langt etter at Europa ofra sine flottaste område i Alpane for same sak. Alpe-landa, som er komen langt lengre enn oss i Noreg når det gjeld turisme, veit godt at turistane ikkje er interessert i vindmølle-safari. Etterspurnaden etter urørt natur vil bli større i framtida, og om vi då har klart å holde fingrane våre vekke frå det som enno er urørt, har Noreg mykje å kunne tilby. Eg tenkjer at vi burde ha vore komne lenger enn dette i 2011, å byggje ut heile norskekysten til eit industriområde, fint kalla ”vindpark”, må vere gamaldags. Med litt vidare forsking er det ikkje lenge før ein har mykje betre alternativ som kan utvinne meir energi og samstidig bevarar naturen. Det blir som å kjøpe seg skrivemaskin dagen før datamaskina vart lansert. I første omgang kan vi starte med å effektivisere vasskraftverka våre, her har vi den teknolgien som trengst. Eg oppfordra alle til å sjå Ut i Naturen sitt program om vindkraftutbygging, bruk denne adressa: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/193197/ Bekymra helsing Kristian Kvamme Kopi sendt ordførar og varaordførar Bremanger Kommune Nordfjord Performing Arts Academy, Starter Med Dans i Florø![]() Nordfjord Performing Arts Academy skal starte opp med eit nytt dansetilbud i Florø etter nyttår. NPAA er eit akademi for alle som vil lære og danse, og satsa kun på utdanna instruktører innen dans. Vi vil starte med 1 dag i veka i Florø, som blir på onsdager. Akademiet vil i Florø fokusere på barn og unge ifra 12 år og oppover. Vi vil tilby eit allsidig dansetibud der barn og ungdom vil få prøve seg innen mange forskjellige stilar. Kurset vil starte den 11 januar og varer fram til sommeren. Dei elevane som tar til på dette halvtårskurset vil også få muligheten til å være med på vår store forestilling, som skal være i Operahuset på Eid. Dette vil være ei fantastisk forestilling med alle elevane ved NPAA, i tillegg kjem det profesjonelle dansere ifra England, Nord Irland og Norge som skal opptreè og danse sammen med noken av elevane ! Alle kan melde seg på Dansekurset, jenter OG gutter ifra 12 år og oppover. For meir informasjon/påmelding send mail til: nordfjordperformingartsacademy@gmail.com Eller gå inn på heimesida vår: www.nordfjordacademy.no ![]() Kan oljeformuen forvaltes bedre ?Javisst. Les mer her.
100 ulike røyster mot vindindustri på Guleslettene.Sei ja til ei heilskapleg framtidsretta og bærekraftig utvikling av kommunen. Eivind Nordvik Hauge, Silje Jansen Nybø, Heidi Grande Røys, Kari Slettvåg, Sara Steine, Siri Stavang, Signe Nordvik, Johannes Bø, Anne Leversund, Bjørn Hollevik, Jon Nyheim, Rune Andreas Eick, Trygve Nybø, Ragnar Torkildsen, Svein Bruheim, Bjørg Mikalsen, Sissel Strømmen, Vidar Flister, Tor Førde, Eli Ånnøy Føleide, Eli Kristin Magnussen, Kari-Anne Melvær, Torkjell Djupedal, Turid Lorentzen, Stig Strømsøy, Marit Gjerstad, Irene Gjøringbø Nenonen, Sylvi Førde, Stein Malkenes, Alvar melvær, Ingunn Selås, Danckert Dankertsen, Johnny Jacobsen, Frank Leversund, Elisabeth Norman Leversund, Margrethe Dyrli, Trond Melvær, Rune Melvær, Bente-Lise B. Kristiansen, Tom Staveteig, Ingeborg B. Kristiansen, Toralv K. Kristiansen, Simon Malkenes, Lisbeth Ingvaldsen, Jon Nyheim, Bjart Holtsmark, Gry Seim, Frode Seim, Eivind Johan Stavang, Jo Dale Pedersen, Irene Grøneng, Lisa Melvær Giil, Torstein strømsøy, Karoline Westlund, Øyvind Årdal, Thore Jacob Stavang, Eirik Endestad, Oddbjørn Bendiksen, Erlend Bøe, Kjetil Høidal, Gerd Nesdal, Martin Igland Malkenes, Cecilie Bauge Malkenes, Hege Eggen, Frode Forsberg, Tobias Forsberg, Fredrik Forsberg, Kjartan Kvellestad, Hans Erik Stenseth, Odd Hogne Langøy, Einar Ludviksen, Stine Madsen, Atle Nekkøy, Britt Reksten, Sandra Nekkøy, Marit Storøy Grønsberg, Pål Melvær Giil, Inger Leirvåg, Helene Grotle Stokke, Tor Ole Rognaldsen, Odd Egil Nes, Siw Cathrin Øren Nes, Ole Stenbakk, Inger Blancheflor Skåre, Nils Jørgen Skåre, Hilde Charlotte Strømsnes, Trygve Slettevold, Siri Søreide Jansen, Siri Sande, Brage Waage, Ingvild Erdal Nybu, Terje Grøneng, Lena Førde, Renate Leirgulen Svardal, Inghild Reksten Solheim, Jon Ingvar Solheim, Arild Moe, Jon Marius Solheim, Håvard Ingvar Solheim, Andreas Herland. Hvorfor skal vi betale ekstra, for å ødelegge naturen?Norge har forpliktet seg internasjonalt til å produsere 13,2 TWH ny fornybar energi. Det er et viktig argument for de som vil bygge vindturbiner i Norge, og på Guleslettene. Bellona og Siemens kan påvise at Norge kan øke produksjonen av ren fornybar energi med 20,0 TWH bare med å effektiveres eksisterende vannkraftverk og linjenett. Dette er en miljøvennlig og lønnsom måte å gjøre det på http://bellona.no/filearchive/fil_Energieffektiviseringsrapporten.pdf Halvor HalvorsenLa det bli siste rutedebatten i øyane, BYGG VEG!
Dei siste vekene har vi i ei gruppe på Facebook samla øve 300 personer som er lei av debatter om rutene i øyane. Folk som er lei av kortsiktige løysninga og vil ha ei framtidsretta løysning for øyane vest av Florø. Av desse 300 er det både fastbuande, folk med feriehus, Florø folk og ellers andre som støtter opp om ei framtid for øyane. Ein god del av desse er ungdom. Om få veker kjeme antageligvis dei nye rutene som skal gjelde i Florabassenget frå 1.Mai 2012. Fjord1 skal drive rutene frå og med då og 8 år framøve. Dei første 2 åra har dei i anbudet som er ulyst av fylket kalla ein overgangsperiode. Antageligvis ikkje til det beire for øyane sånn det ser ut. I 2007 valde Flora kommune og satse betydelig med penger på nye kombibåter og kaianlegg på dei fleste øyane vest av Florø. Sånn som det ser ut no vil vi frå og med neste år miste ein del ruter som fører bil og last til og frå øyane. Seinast i dag var det skriv i avisa der det kjeme fram at det heller ikkje vil være mulighet å frakt bil til/frå øyane Fredag og Søndag då det er vanlig at feriefolk besøker øyane og har bilen med. I tillegg vart det opplyst om at det vil verte problem for funksjonshemma med rullestol/elektrisk stol og komme seg fram i øyane. Det her er selfølgelig nokke vi ikkje kan finne oss i ut i øyane, og seie meg enig med Hans Jacob sunde som i dagens avis seie at her e det mangel på kunnskap hos fylketspolitikerane. Alle må ha rett te å komme seg trygg fram i øyane og vi fortena eit skikkelig rutetilbud i 2011. Men sånn det ser ut no vil rutetilbudet i øyane berre verte meir og meir redusert dei neste åra. Dersom grunnlaget for eit skikkelig rutetilbud ikkje er til stede no vil det i alle fall ikkje komme i tida framøve. Rutetilbudet vi har hatt dei siste åra har etter mi meining ikkje vert gode nok. Vi har folk i øyane som pendlar til og frå jobb, ungar til og frå barne og ungdomsskule. og ungdom på vidaregåande skule. Av dei som jobber i Florø er det mange som pendlar til og frå jobb i dag og klarer dette fint, men fakta er at folk i dag generelt vil bruke minst mulig tid på jobb og ha mest mulig fritid, sånn har utviklinga blitt. 2-4 ordninga i Nordsjøen er eit godt eksempel på det. For mange er det vanskelig og dyrt å pendle. Fleire er avhengig av ein plass og overnatte i Florø for å kunne være i jobb. Eg har sjølv jobba som vikar i Florø i snart 3 år og har ofte måtte takka nei til å jobbe på grunn av rutetilbudet. Eigen båt har ofte blitt benytta, nokke som er blitt meir og meir vanlig i øyane. Som eksempel: Skulle eg jobba eit seinskift i Florø frå 14.30 til 22.30 hadde eg måtte gått ut døra heim kl 07.30, og eg hadde ikkje vert heime før 07.30 neste dag. Skulle eg jobba natteskift hadde det passa bra med kveldsruta, men eg ville ikkje vert heime igjen før kl 15.00 på dagen. Dett var berre eksempel, og vist vi regna på ka det vil koste ein som har ein slik jobb heile året med høge takstar på rutene i tillegg til å skal betale for bil, ein parkeringsplass på kaia og hybel i Florø blir det fort penger, og det gjer ikkje grunnlag for ny tilflytting i øyane . Ungdom og familia kan ikkje sette seg ned i øyane med dette som grunnlag. So sånn eg ser det står vi fast når det gjelder akseptable ruter og nytilflytning i øyane. Skal vi løyse dett e ein gong for alle i framtida, og unngå årlige debattar om rutene i øyane finst det berre ei løysning no: Vegsamband i øyane. Knytt samen øyane der det er mulig og sett inn ferge og buss i øyane. Her er fleire plasser vest av Florø dette hadde vert mulig. Dette ville gitt grunnlag for tilflytting og mange muligheiter i øyane både med tanke busetting , hyttebygging, industri og arbeidsplassar, kanskje ikkje dumt når her e begynt å bli bustad og areal mangel i Florø. Og på sikt ville det her lønne seg. Vi ligger langt etter i Sogn og Fjordane når det gjelder å tenke på denne måten. Velge å sitere ein fisker som angåande dette sa: ”Å gå på kysten og komme inn i Sogn og Fjordane er som å komme inn i eit U-land”. Vist vi ser på ka dei har fått til sør for oss, både Hordaland, Rogaland og Møre nord for oss er det heilt rett og. Siterer eit innlegg på Facebook angåande dette: ” Vi er i 2011, og fortsatt er det samme *spetakkelet * om øyarutene som på begynnelsen av 80 tallet. Og nabofylkene våre, ka har di gjort på denne tiden? Jo, bygget broer og undersjøiske tuneller! Se på Austrheim i Hordaland t. d. og se på Møre og Romsdal. Resultatet av denne satsinga er at folk flytter tilbake til øysamfunnene, og nye innbyggere kommer også til.” Oppfordra eg alle som er på Facebook om å melde seg på å støtte ei framtid i øyane: Kristian Æsøy Annonse | |||||||||||